Sunnmøre Historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunnmøre Historielag vart stifta på eit møte i Avholdshjemmet i Ålesund 17. februar 1909 der 66 personar møtte fram. Namnet vart etter ein viss strid om målform «Søndmør Historiske forening», og 40 personar teikna seg som medlemer ved oppstarten.

Første formannen i laget var sokneprest Anders Halvorsen. Med seg i styret fekk han P. A. Lillebø, H. Vartdal, Jon Aasen, Johan Seland, Gregor Barman og Johan Daae. Daae overtok som leiar året etter stiftinga.

Allereie året etter, i 1910, kom det første nummeret av tidsskriftet for laget ut, og i 1911 arrangerte laget 1000-årsmarkering for erobringane til Gange-Rolv med tusenvis av deltakarar. I 1915 arrangerte dei historisk stemne på Giske med kring 3000 deltakarar.

Laget låg nede under andre verdenskrig, men starta opp att i 1945. På 1950-talet var det lite aktivitet, men det vart teke initiativ til samarbeid med Aalesunds Museum og Sunnmøre Museum. I 1983 vart laget medlem av Landslaget for lokalhistorie.

Tidsskriftet heiter i dag Årbok for Sunnmøre. Tidsskrift for Sunnmøre Historielag og kom i 2009 ut med 85. årgang. Utgjevarar no er Sunnmøre Museum og Aalesunds Museum i tillegg til historielaget.

I dagens vedtekter (frå 2016) heiter det at: «Sunnmøre Historielag har som føremål at fleire skal forstå verdien av å kjenne si eiga historie, og særleg:

  • å fremje interessa for Sunnmøre som historisk region mellom det lokale og det nasjonale,
  • å auke og spreie kunnskap om sunnmørssoga,
  • å arbeide for å verne fortidsminne.»

I 2019 hadde laget 312 medlemer. Talet er nesten berre ein fjerdedel av dei første tiåra i laget si levetid; i 1919 var det 1123 medlemer.

Leiarar

  • Anders Halvorsen (1909–1910)
  • Johan Daae (1910–1911)
  • Kristian Bugge (1911–1932)
  • Johannes Buset (1933–1949)
  • Ivar Myklebust (1949–1957)
  • Bjarne Rabben (1957–?)
  • Ragnar Øvrelid
  • Odd Vollan
  • Thomas Vinje
  • Kjell Skorgevik
  • Ivar Gunnar Braaten (1984–1993)
  • Arnfinn Espeseth (1993–2003)
  • Jarle Sulebust (2003–2004)
  • Eldar Høidal (2004–2007)
  • Stein Arne Fauske (2007–2015)
  • Ingvil E. Grimstad (2015– )

Ivar Grøvik, sekretær og kasserar, var sentral i å etablere samarbeidet med Sunnmøre Museum og Aalesunds Museum på 1960- og 1970-talet. Sylvi Rypdal, med 20 år i styret, er historikar og skribent til årboka.

Hovudaktivitetar

Å utgje Årbok for Sunnmøre har vore hovedoppgåva til laget i mange år. Laget har også stått for fleire arrangement og jubileumstilstellingar opp gjennom historia si. Frå starten har laget også dreve med innsamling av skriftleg materiale saman med Aalesunds Museum. Ein kan også nemne:

  • 1920: Historisk stemne i Hjørungavåg 1920.
  • 1926: Bautastein over Hans Strøm på 200-årsdagen.
  • 1984: 75-årsjubileum for eiga verksemd.
  • 1986: 1000–årsjubileet for slaget ved Hjørungavåg.
  • 1995: Innsamling av minneoppgåver for eldre (i regi av Landslaget for lokalhistorie).
  • Arbeid for vern av Svendsengarden i Ørsta.
  • Bidrag til nasjonalmonumentet over Englandsfarten og regustreringa av folkeminnegranskaren Peder Fylling.

Publikasjonar

  • Tidsskrift for Sunnmøre Historielag/Årbok for Sunnmøre.
  • Ivar Grøvik og Odd Vollan (red.): Folkesagn og historiske opptegnelser, 1972.
  • Helseth, Konrad: Sunnmørsbibliografi, 1980.
  • Skorgevik, Kjell: Fotografer i glassplatenes tid, 1985.
  • Hiske, Johs.: Sparebanker på Sunnmøre, 1991.
  • Aarset, Terje og Erling Flem: Minder frå forfædrene. Slåttar og salmetonar frå Skodje og Vatne, 1991.
  • Flatmark, Jan Olav: Sunnmøre i Festung Norwegen, 1994. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Vollan, Odd: I kamp om et rusfritt folkeliv på Sunnmøre, 2001.
  • Sulebust, Jarle: Huldrefolk, bygdefolk og venstrefolk. Ein biografi om Peder Fylling, 2002.

Eksterne lenkjer

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).