Sværefjorden krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sværefjord, Balestrand, Sogn og Fjordane. Skulehus og lærarbolig mot fjord og fjell, bil parkert utanfor, sett frå gardslassen. Registrering utført 1958-59 av Johan Schiong for Norsk Lærarlag.
Foto: Johan Schiong, kjelde Norsk Folkemuseum

Sværefjorden krins var ein skulekrins i Balestrand kommune i Sogn. Krinsen vart danna 11. februar 1861 i eit heradsstyremøte i Balestrand. Sværefjorden var ein eigen krins heilt til samanslåing med Vetlefjorden og flytting av skulen i 1971.

Skulehus

Sværefjorden skule vart oppretta på Farnes i 1875. Skulen vart lagd til eit bygg leigd av Hermund Monsson Farnes. Han hadde også ansvaret for reinhald og vedfyring på skulen. I 1888 vedtok heradsstyret å byggje eit eige skulehus på Farnes. I 1890 tok fyrste undervisinga til i nybygget. Lærarbustad vart truleg ikkje reist før noko seinare. Klasserommet hadde plass til 28 born. Skulen hadde også eit «aftrædelsesværelse» for læraren.

Skulehuset på Farnes i dag

Reinhald av skulen var eit viktig tema som kom opp jamnleg på dei årlege krinsmøta. Vanlegvis var det ein person som fekk ei årleg godgjersle for å sage ved, fyre opp og dagleg vask på skulen. I 1926 byrjar dei med ei ordning der årleg storvask av skulestove går på omgang mellom dei fem grendene som sokna til skulen.

I 1957 fekk skulestova og lærarbustaden elektrisk straum, samt oppussing med huntonittplater på veggar og tak.

Skuledagen

Målform i skulen

18. oktober 1907 heldt krinsen eit ekstraordinært møte etter oppmoding frå skulestyret. Dei vedtok der at landsmål skulle bli innført i leseundervisinga og som lærespråk i skulen. Born i storskulen nytta riksmålsbøker til dei var ferdige med sitt skuleløp. Det var éin person som stemte imot målendringa.

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Jonsen Lasse 1862 1885
Mundal Ivar H. 1858 Fardal 1885 1898 Hamar Do.
Rognebakke Johannes Fardal 1898 1899
Heltvedt Olav Fardal 1900 1905
Østerbø Hans L. 1873 Fardal 1915 1919 Hamar Do.
Dyrdal Anders Fardal 1919 1920
Hjelseng Olav Fardal 1920 1940
Bøyum Marit Kvam Fardal 1940 1964
Tjugum Tor 1963 1965
Farnes Henrik Fardal 1964 1971

Samanslåing av krinsar og nedlegging av skulen

Fjordtun skule på Torsnes vart teken i bruk i 1971. Skulen er framleis i bruk til 1. og 2. klasse i dag.

6. mai 1961 hadde Sværefjorden skulekrins møte med Vetlefjorden krins i Vetlefjorden bedehus. Temaet var innføring av den 4. og 5. skuledagen, som snart ville bli eit krav. Dette var dagar som skulle innehalde fag som korkje av skulane hadde moglegheit for å dekke. I møtereferatet frå denne dagen står det at det var uaktuelt å sende borna til Balestrand. Begge krinsane var samrøystes einige i at dei ville be om å byggje eit felles skulehus, undervise i alle fag og dimed i realiteten slå saman skulekrinsane til éin. 27. november 1962 vart det formelle vedtaket om samanslåing einstemmig vedteke, på vilkår av at ny skule vart bygd og skulevegen utbetra.

Då den 4. og 5. skuledagen vart innført, leigde dei to krinsane eit lokale til på Farnes hjå Brita M. Farnes. Her vart det undervist i mellom anna sløyd, handarbeid og engelsk. Elevar frå Vetlefjorden vart skyssa hit.

I dei komande åra var val av stad for den nye storskulen oppe mange gongar i krinsmøta. Til slutt sto styret att med tre alternativ; Hatlehaugen inst i Sværefjorden, Kilmyri eller Torsnes (eller Thorsnes). Valet fell på Torsnes grunna at det låg midt mellom dei to eksisterande skulane. Skulen fekk namnet Fjordtun.

12. august 1971 vart krinsmøtet halde på Fjordtun, og Sværefjorden skule var historie.

Foto

Sværefjord, Balstrand, Sogn og Fjordane. Skulehus og lærarbolig mot fjord og fjell, bil parkert utanfor. Registrering utført 1958-59 for Noregs Lærarlag.
Foto: Johan Schiong, kjelde Norsk Folkemuseum
Sværefjord, Balestrand, Sogn og Fjordane. Skulehus og lærarbolig sett frå veg frå nedsida. Registrering utført 1958-59 av Johan Schiong for Noregs Lærarlag.
Foto: Johan Schiong, kjelde Norsk Folkemuseum
Sværefjorden skule 1.jpg
Sværefjorden skule med leikeplass og vedskjul - utedo.jpg
Sværefjorden skule 2.jpg
Sværefjorden skule 3.jpg

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Digitalt Museum, registrering av gamle skulehus i Hordaland og Sogn og Fjordane, initiert av Noregs Lærarlags skulehistorienemnd og utført av Johan Schiong, Bergen 1958-59.

Koordinater: 61.262092° N 6.537584° Ø