Sylvarnes skule
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sylvarnes skule i Vik kommune var skulehus for grendene Sylvarnes, Hanekam, Kyrkjeteig og Vollevik frå skulen vart bygd i 1901, fram til krinsen vart lagt ned i 1985.
Skulehuset
Skulehuset er bygd i tømmer og er frå i 1901. I dag inneheld det gamle skulehuset to soverom, eitt med 5 senger og eitt med 4 senger. I tillegg er der ei stove med fleire sofaer. Kjøkenet er utstyrt med komfyr (4 kokeplater, 3 steikebrett/-panne), kjøleskap og tallerkar/koppar/bestikk for om lag 15 personar.
Det blei i 2017 gjennomført ein god del tiltak i skulehuset, t.d. skifting av kjøken, nytt golv i gangen og ny sofa og stolar.
Anna bruksområde
Kjøpt av Vik Turlag i 2002, og fungerer i dag som turisthytte med 9 sengeplassar.
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Arne Inge Sæbø (2005). Skulesoge for Vik
Digitale kjelder
- ut.no - Sylvarnes
- Vik Turlag, Skulehuset på Sylvarnes.
- Vik Turlag, Avtalen om skulehuset på Sylvarnes blei forlenga.