Telset og Torvik notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden trenger opprydding. Det kan for eksempel dreie seg om innholdsmessig struktur, framstilling eller språk. Se evt. diskusjonssiden for merknader.

Telset og Torvik notlag: I 1953 vart det kjøpt landnot frå Syvdsbotn. Det var ei storenot på ca. 90 famner og djupte på 12 famner

Her var også med notbåt (gavlbåt) men denne var utan motor

Som spelbåt brukte dei ein båt som Jakob hadde på Telset. I båten rigga broren Olav til sjølvkonstruert spel, som visstnok fungerte ypperleg. Olav var smed og mekanikar og visste korleis slikt utstyr skulle lagast

Nota var ei bomullsnot med brislingband

Stengjenot og orkastenot vart kjøpt på Rovde (på Rot/Midtbø).(Rotabygda). Dei skaffa seg også nokre notposar, desse var av nylon

Som slepebåt vart mb. «Laxen» nytta den første tida. Det var båten som Jakob eigde

Parthavarane i nota var: Peder Stokke f. 1908 (han var notbas). Jakob Telseth f. 1911 Oddvar Telseth f. 1939 John Thorvik f. 1938

Nothenge vart bygt i Torvik, og notbåten hadde også plass i naust i Torvik

Prøvekastet gjekk føre seg på Sundnesbugen på Rovde, og etter det John fortel - med eit glis - fekk dei også nokre få sildar og eit par laksar

Operasjonsområdet deira var Dalsfjorden, Austefjorden, Ørstafjorden, Haddalvika, Leikongvika og inne i Vanylven

I 1956 gjorde dei det største kastet sitt i Ørstafjorden - ved Oselandet - og dette var rein brisling, og fangsten vart henta med direktebåt til Stavanger. Båten heitte endåtil «Christian Bjelland»

Etter at alle utgifter til båt og driftsutgifter var betalte fekk kvar parteigar utbetalt kr.3700.-, og dette var mykje pengar den gongen, kanskje lengt på veg ei årsløn. Fangstinga var unnagjort og på ca.17 timar

Det vart no kjøpt «ny slepebåt», mb. «Nup», reg.nr. M 38 D, seinare M 137 VA

Notdrifta vart avvikla rundt 1960, då det etter kvart vart mindre å tene på dette fisket

Etter det John fortel vart notbruket selt til Gursken ein stad


Kjelder og informantar

Lokale informantar for Notbruk i Dalsfjord

  • Jakob Koppen
  • Olav H. Velsvik
  • Robert Welsvik
  • John Thorvik
  • Jon J. Kornberg
  • Sverre Kvangarsnes
  • Ivar A. Sætre
  • Andè Sætre
  • Solfrid Nautvik
  • Asbjørn Åsebø
  • Ola S. Løvik
  • Lauritz S. Løvik
  • Lars K. Løvik
  • Ola K. Hjelle
  • Arvid Rossetvik
  • Annfred Lillenes
  • Einar Furnes
  • Bjarne Myklebust
  • Olav Dalebø
  • Jarle Dalebø
  • Harald Mårstøl
  • Jostein Mårstøl
  • Norvald Mårstøl
  • Åsta Mårstøl
  • Arvid Eidså
  • Rolf Eidheim,
  • Arne Eidset
  • Harald Eidset
  • Jon M Steinsvik
  • Hans J. Steinsvik
  • Svein Øverberg
  • Bjarne Drivdal
  • Nils Jakob Drivdal



Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Telset og Torvik notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.