Terje Frøystad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Terje Frøystad (fødd 26. mars 1950, død 28. juli 2011 i Sykkylven) var ein bygningsmann og musikar frå Sykkylven på Sunnmøre. Frøystad tok utdanning som bilmekanikar, men han fikk tidleg tilbod om arbeid i bygningsfirma. Tidleg på 80-talet hadde han sanka så mykje røynsle at han kunne gå i gang med sitt eige snikkarfirma. Firmaet hadde seks tilsette då han døydde i 2011. Terje Frøystad stod bak mange store byggeprosjekt i Sykkylven kommune. Fleire av dei realiserte han saman med betongentreprenøren Per Jan Brekke. Dei førte mellom anna opp tilbygget til Sykkylven kulturhus i 2001. Det største fellesprosjektet dei hadde var likevel Øvstetegane terrasse, ein nyskapande tilvekst innafor bustadbygginga i Sykkylven. Dei velproposjonerte funkisbygga ved innkøyringa til Sykkylven sentrum har blitt landemerke som i lang tid vil vitne om Terje Frøystad sitt kulturengasjement og hans pågangsmot.

Terje Frøystad si hovudinteresse, ved sida av arbeidet og familien, var musikken. Han byrja tidleg i Aure skulekorps og lærte seg å spele fleire instrument. Etter kvart vart det jazzmusikken som fenga mest, og han dreiv det langt innan improviseringsjazz og det som vert kalla tradjazz. Han var i ei årrekke heilt sentral i musikkmiljøet i Sykkylven og var med å starte fleire band og grupperingar. I 1997 gjekk han saman med nokre vener og skipa Blue Horn Jazzband. Dei hadde mange speleoppdrag på Sunnmøre og utanfor. Eit høgdepunkt var då dei fekk spele på eit elvecruise på Nilen i mars 2004. I mars 2010 spelte dei dessutan på ein støttekonsert i Storfjord Kulturhus til inntekt for flomofre på Haiti.

Blue Horn Jazzband har gjeve ut tre CD-ar. Den første With a heart full of rythm kom i 2002. I november 2008 gav bandet ut Trad and sweet og i mars 2011 Together, saman med gospelsongarinna Marilyn Keller frå USA og Margrethe Velle Ødegård frå Sykkylven. Terje Frøystad var i desse prosjekta ein pådrivar. Han var ofte den som batt saman konsertane, og med sin varme og humoristiske tone fekk han lett kontakt med publikum. Den siste konserten han fekk vere med på var med Credo Brass i Sykkylven kyrkje 2. juli, få veker før han døydde, utmatta av kreftsjukdomen.

Terje Frøystad gifte seg med Sølvi Grebstad i 1979, saman fekk dei tre born; Marte, Julie og Lars Martin. Frå eit tidlegare forhold hadde han også dottera Lise.

Kilder