Blue Horn Jazzband

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Blue Horn Jazzband er eit jazzband med base i Sykkylven. Bandet vart starta i 1997 av Terje Frøystad (1950–2011) og Jan Lade, begge var tidlegare drivkrefter i Sykkylven storband som hadde røter tilbake til 1968. Bandet har sitt utgangspunkt i trad- og swingmusikken med repertoar mest frå perioden 1912-1940. Medlemene har vore frå Sykkylven, Ålesund og Molde. Bandet har delteke på ei rekkje tradjazzfestivalar i Skandinavia og har vore på jazzcruise på Nilen. I tillegg til sosiale jazzarrangement er dei mykje brukte når hendingar skal markerast, jubileum o.l. Kyrkjekonsertar har sidan starten stått på programmet.

Dei har gitt ut 3 CD-ar. Den siste live frå kyrkjekonsert med Marilyn Keller (USA) og bandets faste vokalist, Margrethe Velle Ødegård.

Frå 2019 har bandet hatt følgjande besetning: Arnfinn Grebstad (altsax, klarinett, fløyte), Jan Lade (trompet, flygelhorn), Halstein Kurseth (gitar, banjo, vokal), Sveinung Utgård (kontrabass), Stein Lied (slagverk), Thore Senneset (tenorsaksofon) og Margrethe Velle Ødegård (vokal).

CD-utgjevingar:

  • With a heart full of rythm. 2002.
  • Trad and sweet. 2008.
  • Together. 2011.

Kjelde

  • Heimesida til Blue Horn Jazzband: www.bluehorn.no