Terningmoen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Elverum. Terningmoen

Terningmoen er ein militærleir ved Elverum, etablert i 1878 da staten kjøpte området. Tidlegare var det ein del av Grindalsmoen. Området hadde frå starten ein skoleskytebane på 150 meter. Det vart raskt bygd offisersbrakker, stall og lagerhus. I 1885 vart dei første mannskapsbrakkene bygd. Tidlegare låg mannskapa i telt. Det var overkommeleg fordi øvingane vart gjennomført sommarstid.

Leiren vart vidare utbygd i 1896 da Infanteriets skyteskole vart flytta hit frå Fredrikstad. I 1905 vart leiren utvida til bataljonsekserserplass. I 1911 vart leiren hovudøvingsplass for Østoppland infanteriregiment nr 5 (IR 5). Regimentsstaben flytta hit frå Hamar i 1928.

Under andre verdskrigen bygde tyskarane leiren vidare ut, slik at øvingskapasiteten auka frå 1500 til 3000 soldatar.

Galleri

Litteratur