Tinn Andelsysteri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tinn Andelsysteri eller Ysteriet låg der Atrå Handelslag ligg i dag, på grunn til Sugarden. Ole H. Bernås var initiativtakar til det fyrste meieriet i Tinn som vart etablert i 1899. Bernås var òg fyrste formann i Ysteriets styre. Andelskapitalen var 3750 kr der kvar andel var på 25 kr. Meieriet held til i ein toetasjars tømmerbygning på 9 x 16 meter. Produksjonen og lageret låg i kjellaren. Ansvaret for drifta hadde Gunhild Flåten med erfaring frå Gulli meieri i Andebu, indre Vestfold.

Ved 8-tida om morgonen i vinterhalvåret vart om lag 300 liter mjølk levert med kvelds- og morgonmål. Det var køyrelag frå nedre Austbygde og frå dalane i Atrå. Ystepanna var på 1000 liter og primkjelen på 500 liter. Osten som vart laga var prim og heilfeit Jarlsberg. Produkta fall i smak, og Ysteriet opplevde å få bronsemedalje på ei utstilling i Gransherad i 1902. Men trass i gode produkt gjekk det ikkje så bra med verksemda. Til liks med mange meieri kring i landet på den tida var omsetninga for liten. Drifta tok slutt i 1904, og Ysteriet vart selt til Tinn kommune.

Etter ei stund starta Atrå Handelslag opp og leigde lokaler i Ysteribygninga. 7. juni 1923 braut det ut brann og heile bygget brann ned til grunnen. Atrå Handelslag lei store tap, og fiskeklekkeriet i kjellaren vart og totalt øydelagt. Også leigebuarane i andre etasje mista mykje av verdi. For forsikringspengane fekk Kommunen bygd to nye skuler, Marum Ullern og Tessungdalen, begge stod ferdige i 1926.

Kilder og litteratur

  • Vaalund, Kristen: Rjukan meieri 50 år. - Rjukan : Meieriet, 1961.