Tormod Knudsens veg (Kviteseid)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Parti frå Tormod Knudsens veg.
Foto: Roy Olsen (2021).
Tormod Knudsens veg på Moen i Kviteseid kommune går frå Dalanvegen og deler seg i to greiner. Den eine går sørover til fem einebustader og ender like etter nr. 17. Den andre går litt vestover og inn i eit lite industriområde der han møter Cloumannvegen.
Vegen er oppkalt etter stortingsmann, ordførar og diktar Tormod Knutsen Borgejordet (1799–1868).
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no