Dalanvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dalanvegen i Kviteseid sett sørover frå Skulevegen.
Foto: Roy Olsen (2021).
Parti frå Dalanvegen i Høydalsmo med garden Mostøyl (gnr. 63/2).
Foto: Roy Olsen (2021).

Dalanvegen (fylkesveg 3400) går frå Kviteseidgata i Kviteseidbyen i Kviteseid kommune til Høydalsmovegen på Vassberg i Høydalsmo i Tokke kommune. Han er 19,4 kilometer lang. Dei siste 980 meterane av vegen ligg i Tokke kommune. Det går også ei grein av vegen austover til Høydalsmovegen på Mostøyl.

Vegen har namn etter grenda Dalane.

Det er tre større bruer på Dalanvegen: Lundevall bru over Morgedalsåi, (27 m), Nørsterud bru over Dalaåi (54 m) og Bjørnflatin bru over Dalaåi (19 m).

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Kviteseid historielags Facebook-side.


Koordinater: 59.40224° N 8.49267° Ø