Torvald Sund

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Torvald Sund (f. 3. juli 1952 i Råkvåg, Sør-Trøndelag) er forfattar og dramatikar. Han skriv både for born og vaksne. Barne- og ungdomsbøkene er omsette til over ti språk, her i Noreg er kanskje serien om "Onkel Oskar" mest kjend.

Sund har fått fleire kultur- og litteraturprisar. Han har i alt skrive over 40 bøker i ulike sjangrar, fleire av dei har tema frå norsk kystkultur.

Utdanning

Torvald Sund er utdanna lærar. Frå 1973 til 1975 studerte han ved Trondheim lærarhøgskule, og i 1978 ved Noregs idrettshøgskule.

Filmatisering

I 1997 kom filmen "Onkel Oskar", som for det meste bygger på stoff henta frå "Onkel Oskars saueost og andre godbitar" frå 1988.

Kjelder og eksternt stoff