Treet skule
Hopp til navigering
Hopp til søk
Treet skule på Olstad i Sogndal kommune tilhøyrde Skogen skulekrins.
Skulehuset
Huset er det same, men modernisert og lite gjenkjennbart frå det opprinnelege. Det blei bygd i 1874, og var frå byrjinga kombinert skulestove og lærarbustad.
Andre bruksområde
Treet var lærarbustad i lang tid etter at skulen blei flytta i 1894. Her budde lærarar heilt inntil for ca. 20 år sidan, altså i over hundre år. I dag er huset i privat eige.
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
Jakobsen, Kjell (2016) . Skulehusi i Sogndal kommune. So han sa, 2016 årgang 17, s. 13.