Trollholene

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Då Ivar Mortenson Egnund var prest i Fyresdal, tok ein til med sumarmesser i Trollholene ved Lomkilen i Kilegrend.

Trollholene i Kilegrend (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)
Trollholene i Kilegrend (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)
Trollholene i Kilegrend (Foto: Olav S. Nylid, 1911)

I Kilegrend var det ikkje kyrkje eller forsamlingshus før Kilegrend bedehus vart bygd i 1917. Stemne og møte måtte haldast ute. Presten var ut til Kilegrend ein gong årleg for å halde sumarmesse. Oppe i ei fjellside ved garden Lomkilen er det fleire store hóler som er kalla Trollholene. Dette er jettegryter frå istida. Der bølgjene har dratt med seg mykje stein og grus har bølgjeslag og dragsug laga jettegryter som skjærer seg på skrå inn i berget. Den eine lagar eit slag amfi, og der er sers god akustikk. Ivar Julius Mortensson Egnund (1857-1934) var sokneprest i Fyresdal 19101913. Han var ein person med radikale meiningar og ein god ven av Arne Garborg. I hans tid tok ein til med sumarmesse i Trollholene, den fyrste meiner ein at var i 1911. Olav S. Nylid har teke eit bilete av denne fyrste messa, presten har der «preikestolen» i bakre kant pynta med lauv.

I seinare tid er det laga til ein talarstol ved opninga til hola slik at presten ser mot kyrkjelyden. Det er laga til ein god sti opp til hola med solid rekkverk slik at tilkomsten er grei. Etter messa var det oftast kyrkjekaffi i tunet på garden Lomkilen. Dit vart den fyrste skulebygningen i Kilegrend flytta då den gjekk ut av bruk. Ein periode var det inga messe i Trollholene, men i seinare tid vart tradisjonen teke opp att, og sundag 19. juni 2011 vart det markera at det var 100 år sidan den fyrste messa. I 2015 tok det til å falle stein ned frå taket i hola og ein valde difor av sikkerhetsmessige grunnar å avslutte tradisjonen med sumargudstenester, men tilgangen til hola vert halde godt ved like.


Kjelder

  • Marvik, Steinar. Fyresdal. Gards- og ættesoge Fyresdal kommune 1992
  • Veum, Lars. Kilegrend. Grenda i sør Kilegrend Grendelag 2011.