Truls C. Rund

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Truls C. Rund

Truls Colbjørnsen Rund (fødd 5. mars 1819, død 19. oktober 1877)[1] [2] var lærar og gardbrukar.

Truls Rund var lærar i Krødsherad frå 1839 til 1877.[3] Før 1858 hadde ingen av lærarane i Krødsherad seminarutdanning.[4] Dei som var tilsette før 1858, var plukka ut av presten som skikka for lærarrgjerninga, og dei vart eksaminerte av prosten som avgjorde om dei kunne arbeide som lærarar. I 1862 var det fem lærarar med lærarutdanning i dei tre sokna Eggedal, Sigdal og Krødsherad i Sigdal kommune og sju prosteeksaminerte. Truls Rund var ein av dei prosteeksaminerte. Med skolelova av 1860 kom det krav om faste skolestader i skolekrinsane. Før det hadde det vore berre éin fast skole i Krødsherad, og i dei andre krinsane var det omgangsskole. Truls Rund var omgangsskolelærar fram til fyrst på 1860-talet. I Runn krins der Truls Rund var lærar, vart det bygd skolestove før 1864.

Truls Rund åtte garden Vestre Runn på Runnskogen i Krødsherad som han dreiv saman med kone og born. Han vart gift med Ingeborg Gulsdotter (1819-1901) frå Fram-Runn.[5] Dei hadde 7 born. Det er framleis (2020) etterkomarar av Truls og Ingeborg som eig garden. Truls Rund var også ein allsidig handverkar.[6][7]

Han var også nytta som kjøkemeister, og Andreas Mørch omtalar han som ei dyktig og slagferdig kjøkemeister som det gjekk segner om.[8]

Truls Rund var også ein aktiv politikar. Han var med i ei av dei sju Thrane-foreiningane i Krødsherad, foreininga på Runnskogen som vart leia av Ole N. Dannemark.[9] Truls Rund vart seinare innvald i heradsstyret og sat der frå 1858 til 1861.[5]

Referansar

  1. SAKO, Krødsherad kirkebøker, F/Fa/L0001: Ministerialbok nr. 1, 1815-1829, s. 48-49 Denne datoen står i ministerialboka. På gravsteinen er 19. mars 1819 oppgjeven som fødselsdato,
  2. 1877 SAKO, Krødsherad kirkebøker, F/Fa/L0004: Ministerialbok nr. 4, 1873-1878, s. 216
  3. Andreas Mørch (1976): Krødsherad. Bind III. Bygdehistorie, s. 1056. Krødsherad kommune
  4. Ivar Sæter (1914): Krødsherred . Kristiania: Grøndahl & Søns Boktrykkeri, s. 236
  5. 5,0 5,1 Andreas Mørch (1974): Krødsherad, Bind 1. Gard og slekt, s. 349
  6. Andreas Mørch(1976): Krødsherad. Bind III. Bygdehistorie, s. 797. Krødsherad kommune
  7. Ivar Sæter (1914): Krødsherred, s. 63. Kristiania: Grøndahl & Søns Boktrykkeri
  8. Andreas Mørch(1976): Krødsherad. Bind III. Bygdehistorie, s. 1285. Krødsherad kommune
  9. Andreas Mørch (1976). Krødsherad. Bind 2, s. 582

Litteratur og kjelder