Tysnes Privatbank

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tysnes Sparebank sin filial i Våge før 1963, like etter samanslåinga med Tysnes Privatbank.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Tysnes Privatbank vart stifta i 1908 og verka i litt over femti år, inntil banken vart overteken av Tysnes Sparebank i 1959.

Ville ha bank i Tysnesbygda

Då Tysnes Sparebank kom i drift i 1863, heitte det i statuttane for banken at hovudkontoret skulle vera i Tysnes hovudsokn, men då banken kring hundreårsskiftet vart flytta til Uggdalseidet, der også kommuneadministrasjonen hadde flytta, var det ein del interesserte menn som tok til å arbeida for oppretting av ein privatbank i Våge (Tysnes). Under hand vart det teikna aksjar for kr 5 900, fordelt på aksjar à kr 50.

Det vart sendt innkalling til konstituerande møte i skulehuset på Gjerstad i Tysnes i oktober 1908, og der møtte interesserte frå Våge (Tysnes), Lundegrend, nordre delen av Onarheim og Nord-Reksteren.

Den første kasseraren i banken fekk ei årleg godtgjersle på kr 100. For denne løna skulle kasseraren også dekkja reiseutgiftene til kontordagen på Nymark. Banken heldt til hos bakar Pedersen til 1923, då den flytta inn i nybygget til Tysnes Ungdomslag i Våge.

Innlemma i Tysnes Sparebank

Etter det første rekneskapsåret hadde banken nærare 53 000 kr i forvaltningskapital, ein sum som i 1916 auka til bortimot 250 000 kr. Det hadde då i nokre år vorte gjeve eit utbytte på 5-6%. No vart aksjekapitalen auka til 25 000 kr. Pengeflaumen og seinare krisa i mellomkrigsåra gav banken både med- og motgang, men først mot slutten av 1920-åra opplevde banken noko som kunne samanliknast med ei krise, og reservefondet vart då redusert frå 11 000 til 3000 kr.

I 1930 kom det påbod om kapitalauke, frå 25 00 til 100 000 kr. I byrjinga såg det ut som eit uløyseleg hinder for banken, men takk vera mange interesserte tysnesingar lukkast det likevel.

I året 1957 hadde banken ein omsetnad på 2, 6 mill. kr, som viser situasjonen som forretningsbank. Men det skulle visa seg at det langtfrå var nok. Banken fekk eit skriv frå Bankinspeksjonen der det vart vist til aksjelova som no kravde at aksjekapitalen skulle vera minst 400 000 kr. for forretningsbankar. Anten måtte aksjekapitalen aukast til denne summen, eller òg måtte banken ta opp spørsmålet om samanslåing med ein annan bank.

Dermed gjekk banken inn i forhandlingar med Tysnes Sparebank, som i 1959 overtok aktiva og passiva i privatbaken og løyste inn aksjekapitalen med 130%. Det vart oppretta ein filial i Våge (Tysnes) med eige styre og kontor med dagleg opningstid. Avtalen mellom dei to bankane omfatta også eit punkt som forplikta Tysnes Sparebank til å reisa eit nytt bygg til filialen på tomta som privatbanken hadde kjøpt i Våge. Her heldt bankfilialen til fram til 2012, då bygningen vart ombygd for å gje plass til nye banklokale etter at styret i Tysnes Sparebank hadde vedteke å leggja ned hovudbanken i Uggdal og flytta all verksemd til Våge.

Kjelder og litteratur

  • Heggland, Johannes: Tysnes, det gamle Njardarlog. Utg. Tysnes Sogelag, 1975.
  • Heggland, Johannes: Tysnes gards- og ættesoge, band 3. Utg. Tysnes Sogelag, 1989.
  • Tysnes Privatbank gjennom 50 år 1908-1958. [Tysnes] 1958.