Ugulen skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tomta til Ugulen Skole. Foto: Thomas Olsen/Vestland fylkeskommune.

Ugulen skule ligg i gamle Hafslo kommune i Luster kommune. Dette var i mange år skulehuset for Ugulen krins.

Skulehuset

Ugulen skulehus blei bygd i 1862, men rive to år etterpå. Det nye skulehuset vart flytta frå Fet skule til Ugulen i 1915. Skulehuset var ein todelt skule med to salar. Skulen vart lagt ned i 1962, og elevane flytta til Livdtun skule.

Andre bruksområde

Etter nedlegginga har huset vore i privat eige.

Historier frå skulen

Torstein Molland, som var lærar ved skulen i femti år, hadde eit godt stykke å gå til skulen frå heimen på Mollandsmarki, men denne vegen tok han kvar dag. Når det snødde og terrenget vart for vanskeleg å gå i, tok han hesten heilt ned til hovudvegen, der det som oftast var betre terreng. Der gjekk han vidare til fots, og hesten gjekk heim att.

Foto: Thomas Olsen/Vestland fylkeskommune.

Kjelder og litteratur

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Svein Solheim
  • Torstein Molland (Barnebarn av Lærar Torstein Molland)


Koordinater: 61.3456969° N 7.2619237° Ø