Ulsteinvik
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ulsteinvik er ein tettstad og administrasjonssenteret i Ulstein kommune på Sunnmøre. Staden ligg på vestsida av Hareidlandet, og fekk i 2000 bystatus. Per 1. januar 2016 budde det 5 505 personar i tettstaden.
Det er stor industriverksemd på Ulsteinvik, særleg skipsbygging og petroleumsverksemd. Ulstein Verft er eit av dei største foretaka.
Sunnmøre folkehøgskule og Ulstein vidaregåande skule ligg i utkanten av tettstaden.
Oshaugen ved Ulsteinvik er ein av dei største gravrøysane på Vestlandet.
Ulsteinvik er innspelingsstad for NRK-serien Heimebane. Høddvoll stadion er der omdøypt til Tangsrud Arena.
Litteratur og kjelder
- Ulsteinvik i Store norske leksikon.
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2016..