Ungdomslaget Dalheim, Ramstaddalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ungdomshuset Dalheim
Foto: Nils Seland, 2003.
Sceneteppe mala av Jonas Peson
Foto: Nils Seland, 2003.

Ungdomslaget Dalheim i Ramstaddalen, Sykkylven, vart starta i 1918.

Laget hadde 39 medlemmer første arbeidsåret, og Olav L. Ramstad var første formannen. Blant andre som har lagt ned eit stort arbeid for laget, er Ole H. Ramstad og Martin K. Løset.

Lagsbladet heiter «Von». Sceneteppet i Dalheim er mala av Jonas Peson.

Huset Dalheim

I 1930 fekk laget eige hus, Dalheim. Som bnr 25 vart det i 1925 utskilt frå bnr 1, Reitane, med skyld 1 øre. Ungdomslaget, ved Olav O. Svindseth og Ole H. Ramstad, fekk skøyte frå Peter M. Klokk 23. juli 1925.

Ramstaddal Lenestolfabrikk heldt første tida til i ungdomshuskjellaren. Bedrifta laga lenestolar og sofaer, mellom anna sovesofaer.

Litteratur og kjelder