Vårfjøsar i Høydalen, gnr. 84 i Volda

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vårfjøs i Høydalen, gnr. 84, b.nr. 02 i Volda
Måleri av vårfjøsar i Høydalen, gnr. 84 i Volda
Reiskapshus i Høydalen, gnr. 84, b.nr. 02 i Volda

Her ser ein at brukarane på gardsnr. 84 har vendt seg til Volden Kirke for å få utskifting på innmarka. Det ser ut for at dei har fått hjelp av Kirkeværge Rasmus Halkjelsvik til brevskrivinga. Utskrift av dette brevet ligg ved utskiftinga av 1892.

Tek med dette for dei som er interessert i historia, - og historikk korleis utskiftinga skulle gjennomførast og om diverse element i utskiftinga i 1892.

Rasmus Jonson Halkjelsvik som verge for Voldens Kirke der er eier af hele Gaaren. Arne Olsen Bruger af Løbe No 164, Enke efter Sivert Jakobsen, Gurine Olsdatter Bruger af Løbe No 165, Hans Mortensen Bruger af Løbe No 166, og Niels Andersen Bruger af Løbe No 167, hver for Jordskyld af 1BA 21 mk Fiskeleie urevidert 1 Daler 4 ort 17 $ revidert 1 Daler 2 ort 2 $ have forenet os at lade vore Gårdes Gaarden Yttre Høidals Indmark udskiftes ved en mindelig Udskiftning i medhold af § 10 i Lov af 13de Marts 1882 om mindelig udskiftning ved de, i Forventning om Fogdens Godkjennelse dertil formaaede Udskiftningsmend Knud D. Birkedal, Rasmus J. Mork og Rasmus Rasmusen Halkjelsvik, som Supilanter Ole E. Følsvik, til hvilke mænd vi herved overdrager med fuld Voldgiftsmyndighet at udføre ovennevnte Udskitning i Overstemmelse med oversiterede lov, ligesom vi Bemyndige Udskiftnings-mændene at tilføre Udskiftnings – Dokumentet, i medhold af bemeldte Lovs § 10. saadan Bevidnelse som i lovens §8 og 10 omhandlet.

Volden den 27de Juni 1890. For Volden Kirke . Rasmus J. Halkjelsvig (sign) Kirkeværge

Utskiftinga i 1892 hadde med jordstykke til vårfjøsar til alle fire bruksnummer på gnr. 84. Eit stykkje av innmarka for kvart av dei fire bruka var plassert mot utmarksgarden. Utskiftinga på innmarka er den fortsatt gjeldande, utmarka er ny utskifting frå (1970 talet). Der vårfjøsane var plassert er utmarksgarden ein godt oppmura steingard. Vårfjøsane var bygde med kortveggen mot utmarksgarden. Når ein opna fjøsdøra så var det rett ut på beite og til utmarka. Berre fjøsen til ytregarden, bnr. 4 hadde ei anna løysing. Der var det murt opp ei geil frå utmarksgarden og til fjøsen, med eit led i utmarksgarden. Fjøsstykket til bnr. 4 var ikkje oppdyrka slik det var på dei andre tre bruka. Fjøsane var innreidd til den drifta det var på garden. I den fyrste tid etter utskiftinga hadde alle bruka både storfe, sau og geit. Dermed var der kjestekkje i alle fjøsane, det er eit lite frådelt rom som alle kjea var i om natta. Dei vaksne geitene var bundne på faste plassar for å halda orden når dei skulle mjølkast.

Alle bruka hadde også sau, dei vart om våren stort sett sende rett til utmarka. Etter kvart trekkjer dei til fjells.

Det var om våren når det hadde vakse til mat i utmarka at dyra vart flytta til vårfjøsane og utmarksbeite. Der var dei til hausten når det var slutt på beite. Utskiftinga frå 1892 hadde også med vegar som skulle byggast og når dei skulle vera ferdig. Når utskiftinga tok til var det klyngetun og vegane starta i tunområdet. To av tuna fekk utpeika ny tunplass og måtte bygge opp nye tun. Det var bruk nr. 2 og bruk nr. 4. Vegen frå tunet og til nausta er veg nr.1 som skulle vera 4 m brei når den starta frå tunområdet og til Espehaugen og derfra til Ytregaren med 3 m breidd, etter kvart minka den inn til 2 m ved nausta. Denne vegen skulle vera ferdig innan 14 april 1892. Gamlekarane har jammen hatt å henge fingrane i. Lina, så lenge ho styrde Hansgarden, var nøye på dette og sjøvegen var alltid ryddig. Vegane som gjekk framover til utmarka er også omtala i utskiftinga som t.d. breidde og litt om utførelse. Dei har seinare vorte utvida for å stette krava til endra driftsformer. Traktorane er vel ei årsak i så måte.

I utskiftinga er nemnt «åkregarden». Begrepet var litt vanskeleg å skjøne kva det skulle stå for. Den vart også under utskiftinga flytta lenger mot sør. Siste og endeleg plassering vart der heimste (eller nordlegaste) garen i Gartegane var og er. Gjeret eller garen går rett oppover og der er led i begge vegane som vart kryssa. Det er slik ein hugsar det frå 50 åra. Slik det vert hugsa i dag så møter øvstevegen Bersvegen fremst på Reiten. Åkregarden ser ut for å vera skiljet mellom areal som kunne gå inn i dei areala som kunne brukast til åkerdrift og areal som var å forstå som slåttemark.

Fyrste tida etter utskiftinga så ser det utfor at øvstevegen svinga ned til Øyvegen, kanskje før den kom heim i Stølhaugsvingen. Og det er nemnt noke om at vegen frå Berget vart endra i (g)jeilane, men det er vagt og vanskeleg å få full oversikt kvar dette var. Oppsitjarane i Berget utførte dette sjølve.

Kjelde

Høydal, Magnar f. 1937, dokument i privat eige. Opplysningane i artikkelen er frå utskiftningsdokument, tinglest ved sommertinget for Volden tinglag 25 juni 1896. Utskrift ved: Peter Kjeldseth Moe. Sakførar Ørstavik