Vassfaret

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Vassfaret frå ca. 1840, teikna av kaptein Lund.
Foto: Statens kartverk

Vassfaret er eit område mellom Valdres og Hallingdal. Vassfaret er i dag eit populært friluftsområde. Ein viktig grunn til det er Mikkjel Fønhus sine naturskildringar, der han ofte henta inspirasjon frå Vassfaret og Vidalen.

Naturlandskapet

Grensene er uklårt definert, men som hovudregel meiner ein dalføret mellom Hallingdal og Valdres, frå Tjernsvollen og Endresætra eller Strøsdammen til Aurdalsfjorden. Vassfaret landskapsvernområde følgjer stort sett desse grensene. På Ringerike vert ofte dei ytre delane av Hedalen og Vidalen rekna med til Vassfaret. Det at Hedalen tidlegare ofte vart kalla Hedalen i Vassfaret, og ikkje Hedalen i Valdres som i dag, tyder på at ein tidlegare rekna heile strekninga til vassdraget, inkludert Vidalen og Hedalen, med til Vassfaret.

Det sentrale området i Vassfaret ligg i kommunane Sør-Aurdal og Flå. Mot vest strekk området seg inn i Nes i Buskerud.

Vassfarstammen av brunbjørn vert rekna som den siste heilnorske brunbjørnstammen. Tidleg i 1980-åra vart han erklært som utdødd, men det har vore bjørn der òg i seinare år. Ulven vart tidleg utrydda i området, men det er jerv og gaupe der. I 1906 døydde den tretten år gamle Johan Sagadalen av skadane han fekk då han gjekk på ein brunbjørn. Ved Blåfjellhaugane står det ei minneplate som fortel om denne hendinga. Det er ellers eit rikt dyreliv, med mellom anna rev, grevling, rådyr, hare, mårdyr og gnagarar.

Kulturlandskapet

Området har gjennom lange tider blitt nytta til jakt og fiske, og på 1600-talet veit vi at det var skogdrift der. Ein kjelde frå 1684 fortel om tømmerfløyting. Dei gjekk i 1967 over til tømmertransport på bil, noko som førte til at dei områda som ikkje har veg blei spart. Som del av kulturvernplanen for Vassfaret blir fløytingsanlegg halde i god stand, og ein har byrja å fløyte ein del tømmer. Eit større område er no verna, fordelt på to landskapsvernområde med til saman ni naturreservat. Det pågår ein god del skogdrift i desse verneområda, både i form av flatehogst og anlegg av nye veger.

Gardsdrift har det og vore ein del av, og ein kjenner tolv garder i området i perioden 1700 til 1900. Det var òg mange setrer der.

Vassfaret har mange fiskevatn, med mellom anna aure, abbor og sik. Grunna lite fiske i seinare år er det i mange av vatna mest småfisk, men i ein del vatn har ein nytta garn for å få opp ein del fisk, så dei som er att får nok næring til å vakse seg store.

Andre verdskrigen

«Minnesstenen Norges tack» på Djurgården i Stockholm kjem frå Vassfaret. Minnesmerket vart innvia 14. juni 1983, som ein offisiell takk frå Noreg til Sverige for hjelpa under andre verdskrigen. Steinen veg om lag 15 tonn og er 3 meter brei og 1,5 meter høg. I 2016 vart han flytta frå Galärparken (bak Nordiska museet) til si noverande plasseringa nedanfor den norske ambassaden. Vassfaret si viktige rolle for motstandsrørsla er grunnen til at steinen vart henta herifrå.
Foto: Trond Nygård (2019).

Under andre verdskrigen hadde Milorg basen Elg i Vassfaret. Fjellområda rundt Vassfaret blei ofte nytta til flyslipp, og rundt i landskapet kan ein finne restar av slippkonteinarar og milorghytter. Tyskarane våga seg sjeldan opp i Vassfaret, så det var òg eit viktig treningsområde for heimefronten. Det var ein del tyske razziaer, men det kom ikkje til kampar. Gardbrukaren Per Bruskerud miste livet då han frakta våpen, og den tunge børa gjekk gjennom isen på Aurdalsfjorden den 17. april 1945.

Kjelder og litteratur