Vegar på gnr. 84 Høydal i Volda
Dette omhandlar vegar som er tekne ut etter utskiftninga i 1892. Utskiftninga vert omtala som minneleg utskiftning etter § 10 i lov av 13 mars 1892, starta i 1890 med dei første forhandlingar og korleis det skulle organiserast vidare. I medhold av den vedheftede Voldgiftsdokument givne Myndigheit og i henhold til den nevnte Lov om utskiftning, har utført Oppmåling og Bonitering av engmarken på heimebøen. Lodeierne forlangte Utskiftning fremmet og utlagt etter gammelt Indehav. Utskifningsmennen inngikk å utføre etter lov på alle fire bruka. Matr. N. 148 -Løb n 164 Arne Olsen, Løb n 165 Gurine Olsdatter, løb n 166, Hans Mortensen, Løb n 167 Niels Andersen. Matrikkelnr. 148 heiter no Gardsnr. 84 og løpenr er Bruksnr i denne samenheng bnr. 01,02,03 og 04.
Etter kvart vart dei ymse skifta for kvart bruk fastlagde og steina. Her er det interessant å sjå at i 1893 den 18, 19. og 20 mai møttest dei same på « åstedet» at, etter 1 års prøvetid for å vurdere etter nøyere gransking om noke burde endrast. Linja mellom Hans Mortensen og Nils Andersen Thunlodder frå Storelven til Eddanova flyttes mot nord 10,8 meter som utførtes og vart steina. Der er og nemnt aurtak og moldtak som oppsitjarane hadde på kvarandre sine eigedomar. Etter som tida har gått er slike ikkje lenger i aktivt bruk og truleg vanskeleg å peike på kvar var.
Veg nr. 2 går frå tunområdet til Rabben med breidde på 3 meter nedom Hans Mortensens fjøs og løde bygning utover Holane til Stranda ned om Rabbehammaren. Denne skulle vere ferdig til 14 april 1895. Alle oppsitjarane har rett å drive sine smalekreatur frå tunet til Rabben under fjellet over Hans Mortensens Mark Vår og Haust. Denne rett opphøyrer når samtlige oppsittere har fått oppført sine sommarfjøsar ved Rabben, frist inden første mai 1895. I dag ser ein berre mosegrodde murar der sommarfjøsane var. Desse fjøsane var brukte til geit og ungdomane gjekk i lag med geitene til fjells og sytte for å få dei nedatt til mjølking mot kvelden. Det var og eit samarbeid med bruka i Berget om gjetinga. Desse geitfjøsane er det vanskeleg å vite kor lenge dei var i bruk. Truleg har det minka av seg sjølv når brukarane etter kvart slutta med geit. Hansgarden var nok den siste, ein kan hugse geiteflokken kom frå Stranda i øvste ledet og oppom dei gamle revegjera og til fjøsen. Dette var truleg heilt sist på 1940 talet. Det var i dei åra HansLina eigde og brukte Hansgarden.
Denne vegen som førte til sommarfjøsane i Stranda har seinare fått endra trase og status til slik han er idag. Det ser ut for at brukarane på gnr. 82, 83 og 84 har gått saman for å få veg til alle bruka i Berget og på Bøen. På 1930 talet er vegen nemnd som Vegfondsvegen Bøsjøen Ødegård. Fylket fekk midlar frå staten til eit vegfond som Fylket disponerte. Oppsitjarane som mangla veg kunne søkje Fylket om midlar frå dette fondet. Vegfondsvegen Bøsjøen Ødegård er eit resultat av dette. Fylket førte tilsyn og nytta dels fagfolk til stikking og flising i sume høve. Johannes Bjørkedal, oppsynsmann i vegvesenet utførte slike oppdrag. Opparbeidinga har vore bit for bit, den siste akkorden var truleg ikkje ferdig før ein gong på 1960 talet. Vegen som i utskiftinga frå 1892 gjekk nedom Rabbehammaren til sommarfjøsane fekk ny trase som skulle dekke behova for komande tider, og den vart ut skoten gjennom Rabbehammaren. Nokre bilder frå 1930 åra tyder på at også nødsarbeid var ein del av gjennomføringa. På 30 talet var arbeidsløysa stor og ved nødsarbeid kunne ungdomane verte sett i arbeid med samfunns- nyttige tiltak og skulle få 25 øre dag, vart det fortalt. Det er lite historikk å finne om dette så det er slikt ein har fanga opp i nærmiljøet som er det historiske grunnlaget ein har å bygge på. Vegen går over Leitestykkja til Bøingane, der var steinfull ljåmark og seinare beitemark. Stein frå desse steinfulle områda vart henta inn i vegtraseen. Merke i overflata tyder på det. Kan her nemne at Sigurd Lid som var lærar i Høydalen i desse åra hadde gjort ein avtale med Anders N Høydal, NilsAnders, frå ytregaren om å dyrke opp eit lite stykkje til potet på stykket til Ytregaren. Stykket var sikkert stort nok til ei fin avling. Der var ikkje dyrkingsrøysar rundt stykket, så steinen har nok vorte plassert i vegtraseen. Sigurd Lid var ein stor mann og spettet var der etter. Det vert hugsa at spettet var stort når han var i smia kveste spettet.
Veg nr. 3 går frå det gamle tun og framover til Fremstebøen med breidde på 3 m til den øverste grind. Skal vere ferdig 14 april 1897. Vidare finn ein at vei nr 3 frå den øverste grind i åkregarden til Brubakkelven avsteinast med breidd på 3 meter, som før.
Veg nr. 4 vart teken ut og vart steina frå Reitanova og til den nedre grind av Åkregarden og framover nedre del av Fremste bøen og Øyaskiftet med 3 m breidde og oppover Gurine Olsdatter Øiaskifte til Øvreste Dalevei ved Brubakkelven. Skal vere ferdig 14 april 1897. Her lyt ein hugse at Dalevegen gjekk på skrå over Brubakken og no så vidt synleg til Krikane og at brua over Brubakkelva truleg har vore ei trebru der, før brua me kjenner i dag. Den første støypte brua har to jernbaneskinner under som fungerar som dragarar. Brua i dag vart armert og støypt rundt 1960 talet opp på den gamle. Vangane fungerer som dragarar.
Veg nr. 5 går frå Daleveien til Broen med 3 meters bredde og frå Broen til Gurine Olsdatters Thunlod, Thunlod i denne samanheng er det arealet der også tunet er, med breidde 2 meter. Den skal vere ferdig 14 apr. 1894. Deretter tok ut dei førhavde gangstier, så som Gangstien for Røsten og Ødegård frå den øvre Dalevei til sine respektive Kvernhus med 1 meters breidd. Gangsti frå Hans Mortensens kvernhus og oppover sin egen og Nils Andersens Thunlod til Søveien med 1 meters breidd og ein 2 meters brei veg frå Espehaugskaret til Arne Olsens gangsti nedenfor Bakkane. Og ein gangsti frå Arne Olsen og Gurine Olsdatters kvernhus med breidd 1 meter oppover til Hasleskaret.
I grove trekk er dette om vegane som var fastsett i utskiftninga av 1892 og litt om Vegfonsveg. Sist i utskiftningsdokumentet står: Tinglest ved sommertinget for Volden tinglag den 25 de. Juni 1896, extraheret samt behøringen protokolert.
Kjelde
- Høydal, Magnar f. 1937, Er oppvaksen her og brukar eiga erfaring til å skrive artikkelen
- Høydal, Magnar f. 1937, utskiftningsdokument i privat eige. Rett utskrift ved: Peter Kjeldseth Moe. Sakførar Ørstavik
- Fløtre, Johannes Ragnar f.17.12.1926, tilsett ved Landbrukskontoret i Volda i mange år. På telefon fortalde han om ordninga med vegfondsvegar.