Veiteberg krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Veiteberg krins var ein skulekrins i Jølster kommune i Sunnfjord. Skulen dukkar fyrst opp i protokollane i 1883, men det hadde truleg vore halde omgangsskule på garden gjennom heile 1800-tallet. I Veiteberg var skulen to-delt, og i perioden 1883-1924 var det i gjennomsnitt heile 33 elevar kvart år.

I 1917 ønsket krinsstyre i Veiteberg ein samanslåing med Heggheim: «Krinsmøtet bed skulestyret skunda paa samandragning millom Veiteberg og Heggheims skulekrins, so me kann faa 3 delt skule». Men krinsstyre og innbyggarane i Heggheim ønskte ikkje ein samanslåing. Dei meinte at skulevegen mellom Heggheim og Veiteberg ville bli for lang for borna. Forslaget blei difor ikkje innført.

I 1950 kom et forslag frå skulestyre i Jølster om at skulane Klakegg, Heggheim, Veiteberg og Vika skulle bli slått saman til ein sentralskule på Skei. Krinsstyre i Veiteberg var skeptisk. Dei meinte at skulevegen frå Veiteberg til Skei var for lang. Det ville være betre å slå seg saman med skulen på Klakegg. Borna ville difor ha ein mil i skuleveg, og vil føre til at «borna er mindre trøyte når det kjem på skulen». Krinsstyre påpeikte også at skyss med bil til og frå skulen var nødvendig.

Skulestyre i Jølster ønska eit svar frå Veiteberg om den nye krinssamanslåinga. Det tilsendte forslaget om samanslåing med Skei blei røysta over, og fleirtalet var i 1951 imot ein samanslåing.

Skulen i Veiteberg fortsette å være i drift fram til 1960. Borna blei etter kvart overført til sentralskulen på Skei, som opna hausten 1960. Når det blei vedteke at elevane i Veiteberg skulle overførast til Skei er usikkert, då det er ikkje oppført i møteboka frå skulen.

Skulehus

Skulen fekk eit eiget skulehus i 1890. Tidligare har det vore omgangskule i private husstandar.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Aune Anton Veiteberg 1887 1891
Sande Ole Veiteberg 1892 189? Usikkert når Sande slutta
Olsen Viken Ole 1848 Veiteberg 1904 191? Balestrand 1868 Usikkert når Viken slutta
Flatjord Olav Veiteberg 191? 1923 Usikkert når Flatjord blei tilsett
Myklebust Sverre 1902 Veiteberg 1923 1960 Notodden 1923

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Dagbok for Veiteberg og Navnløs (Haugen) skulekrins 1883-1901
  • Dagbok for Veiteberg og Åmot skulekrins 1901-1924
  • Dagbok for Veiteberg skulekrins 1925-1943
  • Dagbok for Veiteberg skulekrins 1943-1960
  • Møtebok for Veiteberg skulekrins 1914-1960
  • Karakterprotokoll for Veiteberg, Navnløs (Haugen) og Åmot skulekrins 1888-1912
  • Karakterprotokoll for Veiteberg og Skei skulekrins 1923-1968


Koordinater: 61.614155° N 6.623880° Ø