Velsvik notlag - og anna notbrukt i Velsvik – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)
Velsvik notlag: Kva årstal det vart kosta landnot i Velsvik, og kor stor ho var, er det ingen som no kjenner til. Ein må også rekne med at dei òg hadde stengjenot
Jakob Koppen, f.1928 og Olav H. Velsvik f. 1940 fortel at notanaustet stod i naustrekkja (syd for) der Velsvik kai er idag. Her er ingenting igjen av dette no
Notbåten var av gavltypen med rull bak
Der var også spelbåt
Etter det som er fortalt var det Jakob O. Velsvik f. 1873 som fungerte som notbas
Notbruket var felles for dei fleste bruka i Velsvik, også dei to bruka i Koppen var med, og også Høgstøylbruket. Truleg var brukarane i Korsfur også med, for dei brukte å springe vest til Stordalen, der dei ser til Korsfur - og rope «kom på nota». Dette var signalet om kasting. På naustvollen brukte dei å breide ut sildenøtene til turk
Det har ikkje lukkast å få klarheit i kvar det vart av notbåtane dei hadde, men frå Høydal notlag har eg fått vite at dei der hadde kjøpt not frå Velsvik i 1946-47. I Kassadagboka til Høydal notlag for 1947 er innført: «kjøp av Velsviknota kr.3000.-». Om denne handelen omfatta både landnot og stengenot er uvisst
Anna notbrukt i Velsvik: Nokre av bruka i Velsvik dreiv òg med laksenot sumarstida
I området ved Risneset og Storegjølet på sørsida av Voldshammaren dreiv bruka i Sjurgarden og Ottagarden felles kilenot. Dette var slik organisert at eine bruket dreiv ei veke og så det andre bruket neste veke, og delte såleis på fangstinga
Olav H. Velsvik f.1940, fortel at han sykla til Lauvstad og ekspederte sendingar med fersk laks til mottakarar i Ålesund. Det var tydelegvis såpass «lukrativ» fangst at dei fann det rekningssvarande å eksportere laks til byen
Då denne samdrifta vart avvikla, dreiv Ottar Welsvik åleine vekselvis med fleire kilenøter både ved Risneset og på vestsida av Svinvikneset. Robert Welsvik f.1960 kjøpte ny kilenot og driv med denne vekselvis ved Svinvikneset og på Velsvika. Arne Velsvik f.1937 røktar nota i periodar når Robert er borte
Kjelder og informantar
- Kvangarsnes, Hallstein f. 193?: Ingeniør og mangeårig leiar i mekanisk industri – har samla og skrive artikkelen Notbruk i Dalsfjord - i Minne frå Dalsfjord, Dalsfjord Sogelag 2011
- Minne frå Dalsfjord, Dalsfjord Sogelag 2011
- Lyngnes, Sverre 1965: DALSFJORD – Bygda - Gard og ætt https://www.nb.no/items/47e3686f63a708195385a7c7dfc75cbc?page=0
- Cronologier av Ole Reite
- Fiskebåtregisteret ved Austefjord Museum
- Busetnadssoga for Volda bd 1 + nokre tun bd 2
- Austefjord museumslag
- Herøy kystmuseum
- Høydal notlag
Lokale informantar for Notbruk i Dalsfjord
- Jakob Koppen
- Olav H. Velsvik
- Robert Welsvik
- John Thorvik
- Jon J. Kornberg
- Sverre Kvangarsnes
- Ivar A. Sætre
- Andè Sætre
- Solfrid Nautvik
- Asbjørn Åsebø
- Ola S. Løvik
- Lauritz S. Løvik
- Lars K. Løvik
- Ola K. Hjelle
- Arvid Rossetvik
- Annfred Lillenes
- Einar Furnes
- Bjarne Myklebust
- Olav Dalebø
- Jarle Dalebø
- Harald Mårstøl
- Jostein Mårstøl
- Norvald Mårstøl
- Åsta Mårstøl
- Arvid Eidså
- Rolf Eidheim,
- Arne Eidset
- Harald Eidset
- Jon M Steinsvik
- Hans J. Steinsvik
- Svein Øverberg
- Bjarne Drivdal
- Nils Jakob Drivdal
- Internett
Velsvik notlag - og anna notbrukt i Velsvik – Notbruk i Dalsfjorden (Volda) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |