Vestre Slidre kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Vestre Slidre»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vestre Slidre
0543 Vestre Slidre komm.png
Basisdata
Kommunenummer 3452
Fylke Innlandet
Kommunesenter Slidre
Areal 463.25  km²
Areal land 421.45  km²
Areal vatn 41.8  km²
Folketal 2 139 (2018)
Grunnlagt 1849
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Vestre Slidre kommune ligg i Valdres i Innlandet. Administrasjonssenter i kommunen er Slidre. Det er ein landbrukskommune, med stor mjølkeproduksjon, skogbruk og fiskeoppdrett.

Kommunen vart oppretta i 1849, da Slidre vart delt i Øystre og Vestre Slidre. Vestre Slidre grensar til Vang i nordvest, Øystre Slidre i nordaust, Nord-Aurdal i aust og Hemsedal i sørvest.

Folketalet var nokolunde stabilt fram til 1990, men i tiårsperioden 1996–2006 gjekk det attende med 7,1 % mot 3,5 % i Valdres som heilskap. Samstundes har turismen vore eit satsingsområde i Vestre Slidre, med utbyggjing av fritidsbustader. I Vaset-området finst det 1500 private hytter, attåt 500 gjestesenger fordelte på utleigehytter, fjellstover og leirskule.

I Vestre Slidre ligg det to kyrkjer frå mellomalderen, nemleg Slidredomen og Lomen stavkyrkje.

Kjelder og litteratur