Øystre Slidre kommune
| Øystre Slidre | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 3453 |
| Fylke | Innlandet |
| Kommunesenter | Heggenes |
| Areal | 963.1 km² |
| Areal land | 882.62 km² |
| Areal vatn | 80.48 km² |
| Folketal | 3 221 (2018) |
| Grunnlagt | 1849 |
| Målform | Nynorsk |
| Nettside | Nettside |
Øystre Slidre kommune ligg i Valdres i Innlandet. Kommunen grensar til Vågå og Nord-Fron i nord, Sør-Fron og Gausdal i nordaust, Nord-Aurdal i søraust, Vestre Slidre i sørvest og Vang i vest.
Øystre Slidre kommune vart etablert i 1849, då Slidre kommune vart delt i to. Administrasjonssenteret er Heggenes, medan Moane og Beitostølen er dei to einaste tettstadene etter SSB sin definisjon.
Jord- og skogbruk er viktigaste næringsveg, men turistnæringa har i seinare år hatt ei sterk utvikling. I Øystre Slidre ligg ikkje minst vintersportstaden Beitostølen, med skianlegg, hotell og hyttefelt. Turismen er ein viktig årsak til at kommunen har hatt befolkningsvekst dei siste åra. I tiårsperioden 1996–2006 auka folketalet med 1,4 % mot ein nedgang på 3,5 % i Valdres som heilskap.
Kjelder og litteratur
- Hegge stavkyrkje.Foto: Hans P. Hosar (2012)
