Vika (Fedje)
Vika er ein av dei eldre gardane i Fedje kommune.
Som namnet seier, ligg Vika i ei vik, i Kyrkjevågen. Den ligg mellom Stuberg og Brotet, og med Opphaugen bortanfor. Uttalen er «vikjæ».
Skrivemåten har vore Wigenn, slik det var den første gongen bruket er omtalt i kjeldene, alt i 1563, seinare lenge mest vanleg Wigen, og av og til Wiigen. Kortforma Wig/Wiig vart òg brukt av og til. I 1801 vart det skrive Vigen, i 1845 Viken, og seinare har det vore det vanlege. Då det vart teke opp stadnamnsak på Fedje i 1996/1997, vart namnet endra til Vika. Det har heile tida vore eitt bruk i Vika, med gammal landskyld ½ våg fisk. Det har vore frådelt nokre tomter, m.a. var det frå denne eigedommen Steinborg vart utskild, på ein parsell som Vika hadde før utskiftinga.
| Vika (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Sjånesvegen 21 (Fedje gnr 168 bnr 440) • Neste bolk: Vika (Fedje gnr 168 bnr 28) |