Vinje Sparebank

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vinje Sparebank.

Vinje Sparebank vart stifta i 1909.

Historikk

Det fyrste vedtaket som vedkjem Vinje Sparebank, vart gjort i eit møte i Vinje heradstyre i 1909. Banken skulle vere til meir "ålment gagn" enn privatbanken. Forstandarskapet i banken møttes fyrste gong i februar 1910. Bjørn Lofthus vart vald som formann, og styremedlemer vart Halvor Sandok, Bjørn Fetveit og Aasmund Jamsgard. Margit Fetveit vart tilsett som kasserar. I byrjinga hadde ho heimekontor, men frå 1919 vart det faste kontordagar på Breihjot. Etter kvart blei det halde kontordagar fleire stader i kommunen. I 1920 vart Eivind Vesaas tilsett som kasserar og han fekk ein svært sentral plass i banken si soge.

Vinje Sparebank tok over forretninga etter Vinje Privatbank i 1926. Overtakinga auka eigenkapitalen slik at han kom opp i vel 1,4 millionar kroner. Det kom vanskelege tider utover på 1930-talet. Mange makta ikkje betale på lån og det vart tvangssal og konkursar. Likevel klara banken seg toleleg bra og fekk overskot til grunnfondet kvart år. I 1939 vart bankbygget i Bøgrend reist. Etter krigen auka optimismen og det vart framgang for banken, særleg i samband med Tokkeutbygginga. I 1968 starta forhandlingar om samanslåing med Tokke Sparebank. Frå 1. januar 1970 var Tokke-Vinje Sparebank ein realitet.

Arkiv

Arkivet etter Vinje Sparebank er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.

Kjelder

  • Tveit, Tore (red.), Tokke-Vinje Sparebank 90 år, 1897-1987, Skien, 1987.