Vinje kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Vinje herad»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vinje
0834 Vinje komm.png
Basisdata
Kommunenummer 3825
Fylke Vestfold og Telemark
Kommunesenter Åmot
Areal 3105.84  km²
Areal land 2736.99  km²
Areal vann 368.85  km²
Folketall 3 709 (2018)
Grunnlagt 1964
Sammenslåing(er) 1964: Rauland
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Vinje kommune er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke. I 1964 vart dåverande Vinje kommune slegen saman med Rauland kommune. Vinje kommune ligg øvst i Telemark og strekkjer seg langt inn i Hardangervidda nasjonalpark.

I utstrekning er kommunen den største i gamle Telemark fylke, og grensar i vest til Suldal i Rogaland, Ullensvang i Vestland, i nord til Nore og Uvdal i Viken, i aust til Tinn og Seljord i Vestfold og Telemark, og sør tilsvarande mot Tokke i Vestfold og Telemark og Bykle i Agder. Vinje er slik den einaste kommunen i Noreg med grense mot fire fylke.

Den kjende vintersportsstaden Rauland ligg i Vinje kommune og trekkjer til seg mange turistar om vinteren. Vinje er ein kommune med mykje vasskraft. Fleire kulturpersonar har tilknyting til Vinje. I Vinje finst det faste kunstgalleri. Rauland akademi er eit senter for handverk og folkemusikk.

Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet saman med Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord og Tokke.

Mot sluten av 1800-talet høyrde Vinje til Øvre Tellemarken fogderi i Bratsberg amt.

Vinje har eige vinmonopol.

Personar med tilknyting til Vinje

Bakgrunnsstoff


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Vinje kommune» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.

Koordinater: 59.56927° N 7.98894° Ø