Visjålivegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Visjålivegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune går vestover som forlenging av Myrennvegen ved garden Moen (gnr. 145/10) på Klevarsida til heigarden Myrenn (Myrane) (gnr. 143/8) ved Notodden kommunegrense på Roheimheia. Vegen er om lag 8,4 km lang og går gjennom skog.
Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel frå grunneigarane. Vegane blei skilta i 2001–2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Norske gardsbruk, Telemark III, Foyn forlag 2002.
- Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.