Jon Torsteinsson Veflen
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Jon Torsteinsson Veflen (fødd 15. september 1837 i Vang i Valdres, død 1934 same stad) var bonde på Nørre Vøvle (Veflen) i Vang.
I bygdeboka for Vang kallast han «Jon Torsteinsson Lalim, N. Kjøs» (kom fra en av de to gardene?). I 1862 gifta han seg med dottera på Nørre Vøvle, Berit (1840-1931). Ho var dotter av Erlend (Elling) Olsson og Anne Andrisdotter Bunde (1814-1900). Jon og svogeren Ola dreiv fyrst Vøvle i lag, men i 1867 reiste Ola og familien til Amerika. Jon vart då eigar og brukar av heile garden.
Jon og Berit Vøvle fekk desse sju borna:
- Torstein (1862-1884). Han bada og drukna i elva ved garden.
- Anne (1864-?), gift med Svein Rengistad på Røvang i Vestre Slidre.
- Sigrid (1866-1940), ugift, budde på Vøvle.
- Berit (1869-1937), jordmor, gift med Hans H. Rogstad i Gjerdrum.
- Kjersti (1874-?), til Amerika, ugift.
- Andris (1878-1952), overtok garden.
- Ola (1881-?), til Amerika, gifta seg der.
Sonen Andris vart gift med Ragndi Kristoffersdotter Kvål, og dei overtok både Vøvle òg farsgarden hennar, der dei heldt til storparten av tida. Folketeljinga i 1910 syner at Jon og Berit Vøvle budde som livaursfolk på Vøvle, saman med dottera Sigrid «som styrer huset for sine forældre». Til hushaldet høyrde òg den 13 år gamle Inga Knutsdatter, som i teljinga vert kalla «skolepike».
Både Berit og Jon vart riktig gamle; høvesvis 91 og 97 år.
Kjelder og litteratur
- John Torstensen i folketelling 1865 for Vang prestegjeld fra Digitalarkivet.
- John Torsteinsen i folketelling 1910 for Vang herred fra Digitalarkivet.
- Frøholm, Anders: Valdres Bygdebok I Del C : Gardar og slekter i Vang. Høre sokn, Valdres Bygdeboks forlag 1991. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 212-213.