Ole Jensen Nerødegård (1916–1940)
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Ole Jensen Nerødegård (født 16. juli 1916 på Vestre Toten, død 30. april 1940 på Lesjaskog) var gardsarbeidar i Vardal.
Jens (1872) Marit f. 1878 SkaranHan var oppsett ved andrebataljon av Østoppland Infanteriregiment nr. 5 og deltok i felttoget gjennom Østerdalen over Folldalen og Hjerkinn og følgde nok den reorganiserte styrken under major Trygve Sandvik som vart trekt til Dombås og så evakuert vestover. Dei kom til Lesjaskog 30. mai og vart utsett for kraftig bombing. Nerødegård døydde av ein bombesplint i ryggen og vart ikkje attfunnen att før 20. mai i ei myr ved Krossom nokre hundre meter vest for Lesjaskog kyrkje. Han vart gravlagt same dag på Lesjaskog kyrkjegard, teke opp att og sendt til Raufoss 31. mai.
Namnet han står på minnesteinen på Lesjaskog.
Kjelder
- Amundgård, Arne 1993: Nogo um krigen i Lesja og Lesjaskog 1940-1946. Privat utgåve Digital versjon på Nettbiblioteket side 39 og 47.
- Munthe-Kaas, O. 1955: Krigen i Norge 1940. Bind II. Operasjonene gjennom Romerike-Hedemarken-Gudbrandsdalen-Romsdalen. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag. Digital versjon på Nettbiblioteket side 228.
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1950, bd. 3 Digital versjon på Nettbiblioteket side 357.