Krigsminnesmerket Lesjaskog 1940-45
Krigsminnesmerket Lesjaskog 1940-45 ved Lesjaskog kyrkje er reist til minne om i alt 11 nordmenn og 4 britiske soldatar som fall under andre verdskrigen.
Minnesmerket er ein bauta med følgjande innskrift:
- Til minne om
- H7-symbol
- 1940-45
- M. O. Mølmen falt i Kvam
- På Lesjaskog falt:
- J. Skau Rakkestad
- O. Aarsbog Vevang
- A. Ruskedal Bergen
- O. Nerødegård V. Toten
- A. Ingebriktsen N. Ål
- J. Emilsen Vang
- E. Nybakken Øier
- S. Brenden Fåberg
- P. Folkestad Valderøy
- C. W. Jennings England, omkom ved togulykka ved Knipstugu 1. mai, gravlagd Lesjaverk kyrkjegard
- P. Rankin England, J. Pers Rankin omkom ved togulykka ved Knipstugu 1. mai 1940, gravlagd Lesjaverk kyrkjegard
- G. Twiby England, Georges Twiby f. 1912, døydde av indre blødning etter togulykka ved Knipstugu 1. mai 1940, gravlagd på kyrkjegarden her (sjå oversynskartet)
- Wolsow England, døydde på Lesjaskog feltsjukehus 6. mai 1940, gravlagd på kyrkjegarden her (sjå oversynskartet)
- Hans Enstad (1903-1945) falt i Vågå 14.3.1945
- Reist av bygdafolket 1947
Avisreferat fortel at fleire hundre menneske møtte fram til den høgtidelege avdukinga av denne minnesteinen, 10. august 1947. Det var strålande ver da formannen i bautakomiteen, Ole Rundtom, ønskte velkomen. Sjefen for Møre regiment, oberst Ivar Navelsaker, som var kompanisjef under felttoget i 1940, heldt tale der han kom inn på hendingane i aprildagane 1940 og takka dei falne for den innsatsen dei gjorde for folk og fedreland. Bautaen vart så overteken av Lesja kommune ved ordførar Ola Mølmen.
Namnet til den andre av dei som fall på Lesjaskog vart opphavleg feilskrive, og rette opp att i 1991. Namnet til den siste på bautaen, Hans Enstad, vart lagt inn i 1995.
Minnesteinen inngår i Kulturminneområdet kring Lesjaskogskyrkja.
Litteratur og kjelder
- Minnesmerket, sjå bilete over.
- Amundgård, Arne 1993: Nogo um krigen i Lesja og Lesjaskog 1940-1946. Privat utgåve Digital versjon på Nettbiblioteket side 39-41.
- Lillehammer Tilskuer 11. august 1947.
- Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer 5. mai 1995.
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1949, bd. 1 Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1950, bd. 2 Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1950, bd. 3 Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1951, bd. 4 Digital versjon på Nettbiblioteket.