Gunheimsvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jun. 2021 kl. 17:13 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunheimsvegen sett sørover.
Foto: Roy Olsen (2018).

Gunheimsvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune går frå Sauheradvegen ved Bergan til Hørtevegen ved Gunheim.

Vegen er 2,2 km lang og har namn etter Gunheimgardane. Kring 350 m vidare frå Gunheim skule låg Gunheim gamle skule. Bakken opp hit kallast Skulehusbakken. Den gamle skulebygningen blei flytta til Gvarv sentrum der han blei bruka som bedehus i mange år. Nå er han bygd om til bustad.

Nr. 1 er tidlegare Gunheim skule. Gunheim vel overtok i samarbeid med Gvarv Røde Kors og Nes Frilynte Ungdomslag den gamle skulebygningen frå Sauherad kommune i 2014. Gunheim vel står som eigar.

Galleri

Kilder


Koordinater: 59.38856° N 9.21233° Ø