Gunheimsvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunheimsvegen sett sørover.
Foto: Roy Olsen (2018).

Gunheimsvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune går frå Sauheradvegen ved Bergan til Hørtevegen ved Gunheim. Han er 2,2 kilometer lang.

Vegen har namn etter Gunheimgardane og blei namnsett i 1999.

Kring 350 meter vidare frå Gunheim skule låg Gunheim gamle skule. Bakken opp hit kallast Skulehusbakken. Den gamle skulebygningen blei flytta til Gvarv sentrum der han blei bruka som bedehus i mange år. Nå er han bygd om til bustad.

Nr. 1 er tidlegare Gunheim skule. Gunheim vel overtok i samarbeid med Gvarv Røde Kors og Nes Frilynte Ungdomslag den gamle skulebygningen frå Sauherad kommune i 2014. Gunheim vel står som eigar.

Galleri

Kjelder


Koordinater: 59.38856° N 9.21233° Ø