Aurland sogelag
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Aurland sogelag i Aurland kommune i Sogn vart skipa 27. desember 1929. I 1954 tok laget opp arbeidet med skriving av bygdesoga og gards- og ættesoge for Aurland. Ei berande kraft i laget gjennom mange år var lektor og bygdebokforfattar Anders Ohnstad (1911–2007). Kaare Sønnerheim (1921-2006) var mangeårig styreleiar i Aurland sogelag. Ein periode på 1970-talet fungerte den kommunale kulturvernnemnda som styre i Sogelaget Bygdebokarbeid. Gjenstand-utstillingar. Hjelp med slektsopplysningar. Aurland Sogelag er eigar av Lensmannsstova med inventar på Onstad. Laget er også styre for Sivlesamlinga.
Laget sitt hovudmål «bør vera å spreia kunnskap om aurlendingane si soge og fornminne, og fremja gransking av folkeliv og folkeskikkar i farne tider. Laget bør samla inn og verna om alt gamalt som kan gje eit bilde av det økonomiske og kulturelle liv i Aurland kommune i farne tider. Elles bør ein prøve å samle og gjennomarbeida vedtak og fråsegner frå nyare tid slik at ein kan få ei mest mogeleg ubroti soge for kommunen.»
I 2019 hadde laget 50 medlemmer. Medlemstalet har vore mellom 40 og 60, med unnatak av 1952, då 120 personar sto innmeldt.
Leiarar
- Anders J. Ohnstad
- Anders O. Ohnstad
- Jens Lunde
- Einar Johnsen
- Leif Johnsen
- Kaare Sønnerheim
- Noralv Distad
- Olav J. Ellingsen
Den gamle føremålsgrafen
«Aurland sogelag har til uppgaava: 1. Аa samla og verna um alt gamalt som kan gjeva eit bilete av det økonomiske og kulturelle liv i Aurlandsbygdi i farne tider. 2. Aa samla og gjennomarbeida vedtak, fråsegner og hendingar fraa den nyare tid, for paa det vis aa freista faa ei ubroti soga um Aurlandsbygdi.»
Publikasjonar
Aurland I- allmenn soge fram til1900. Aurland IIA - Ættesoga 1600-1900, Aurland IIB - Ættesoga 1901-2010, Aurland III – Kultursoga 1870-1980, Glimt frå Aurlandssoga I og II. Gardssoga for Aurland I - III, Soga om Flåm i tre band, om bygda, gardane og ætta. Gardssoge for Undredal og Nærøy. Aurdal Gnr 12.
+ ymse små publikasjonar.
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå sogelaget (Landslaget for lokalhistorie si kartlegging av sogelag 2019).