Aurland sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Aurland sogelag i Aurland kommune i Sogn vart skipa 27. desember 1929. I 1954 tok laget opp arbeidet med skriving av bygdesoga og gards- og ættesoge for Aurland. Ei berande kraft i laget gjennom mange år var lektor og bygdebokforfattar Anders Ohnstad (1911–2007). Kaare Sønnerheim (1921-2006) var mangeårig styreleiar i Aurland sogelag. Ein periode på 1970-talet fungerte den kommunale kulturvernnemnda som styre i sogelaget. I 1985 meldte det seg inn i Landslaget for lokalhistorie.

Blant hovudaktivitetane i laget er bygdebokarbeid, gjenstandsutstillingar og hjelp med slektsopplysningar. Aurland sogelag eig Lensmannsstova med inventar på Onstad, og laget er også styre for Sivlesamlinga.

Laget sitt hovudmål «bør vera å spreia kunnskap om aurlendingane si soge og fornminne, og fremja gransking av folkeliv og folkeskikkar i farne tider. Laget bør samla inn og verna om alt gamalt som kan gje eit bilde av det økonomiske og kulturelle liv i Aurland kommune i farne tider. Elles bør ein prøve å samle og gjennomarbeida vedtak og fråsegner frå nyare tid slik at ein kan få ei mest mogeleg ubroti soge for kommunen.»

I 2019 hadde laget 50 medlemmer. Medlemstalet har vore mellom 40 og 60, med unnatak av 1952, då 120 personar sto innmeldt.

Leiarar

  • Anders J. Ohnstad
  • Anders O. Ohnstad
  • Jens Lunde
  • Einar Johnsen
  • Leif Johnsen (ca. 1985)
  • Kaare Sønnerheim
  • Noralv Distad
  • Olav J. Ellingsen

Den gamle føremålsgrafen

«Aurland sogelag har til uppgaava: 1. Аa samla og verna um alt gamalt som kan gjeva eit bilete av det økonomiske og kulturelle liv i Aurlandsbygdi i farne tider. 2. Aa samla og gjennomarbeida vedtak, fråsegner og hendingar fraa den nyare tid, for paa det vis aa freista faa ei ubroti soga um Aurlandsbygdi.»

Publikasjonar

  • Aurland. Utg. Aurland sogelag. 1962-
    • Band 1. Anders Ohnstad: Aurland bygdebok fram til om lag 1920. 1962. 623 s. Digital versjonNettbiblioteket.
      • Melding: Reinton, Lars i Heimen, b. XII, s. 575–579.
    • Band 2. Anna Gjerløw, Anders Ohnstad: Ættebok for Aurland fram til om lag 1900. 1964. 526 s. Digital versjonNettbiblioteket.
      • Melding: Reinton, Lars i Heimen, b. XIII, s. 433–434.
    • Band 2, tillegg: Åsmund Ohnstad: Ættebok for Aurland frå 1901 til 2010. 2011. 320 s. Digital versjonNettbiblioteket.
    • Band 3. Anders Ohnstad: Aurland bygdebok fra 1835-1985. 1990. 588 s. ISBN 82-992261-0-4. Digital versjonNettbiblioteket.
    • Band 3, tillegg 1: Ohnstad, Anders: Glimt frå Aurlandssoga. Samling av artiklar frå Aurland. 1991. 196 s. ISBN 82-90451-31-8. Digital versjonNettbiblioteket.
    • Band 3, tillegg 2: Ohnstad, Anders: Glimt frå Aurlandssoga. Samling av artiklar frå Aurland. 1997. 256 s. ISBN 82-992261-2-0. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Aurland bygdebok. Utg. Aurland sogelag. 2003-
  • Ohnstad, Anders: Aurdal : gnr. 12 Aurland i Sogn : gardssoge : den gamle storgarden som vart prestegard og til slutt skulegard. Utg. Aurland sogelag. 1992. 71 s. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Skrift. Utg. Aurlands sogelag. 1930.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå sogelaget (Landslaget for lokalhistorie si kartlegging av sogelag 2019).

Eksterne lenkjer