Aurland kommune
| Aurland kommune | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 4641 |
| Fylke | Vestland |
| Kommunesenter | Aurlandsvangen |
| Areal | 1467.61 km² |
| Areal land | 1384.86 km² |
| Areal vann | 82.75 km² |
| Folketall | 1 778 (2018) |
| Grunnlagt | 1838 |
| Målform | Nynorsk |
| Nettside | Nettside |
Aurland kommune ligg i Vestland fylke, tidlegare Sogn og Fjordane, omkring Aurlandsfjorden og armen Nærøyfjorden. Kommunen grensar til Vik i nord, Lærdal i nord og aust, Hol i aust, Ulvik i sør og Voss i vest. Administrasjonssenter og einaste tettstad er Aurlandsvangen.
I jordbruket er nesten alt areal nytta til husdyrbruk, særlig sau og geit. Tidlegare var det ein del fruktdyrking, men dette har ikkje lenger noko stort omfang. Dei store kraftressursane i kommunen er ei viktig inntektskjelde. I Aurlandsvassdraget er det bygd ut til ein kapasitet på 1120 MW maksimal yting, og 2618 GWh årleg (middeltal). Det tas óg ut noko kraft i Flåmvassdraget.
Aurland er einaste kommune i Sogn og Fjordane med jernbane. Turistbanen Flåmsbanen går ut frå Bergensbanen ved Myrdal.
Eksterne lenkjer
Sjå også
|
