Anton Hansen
Anton Hansen (fødd 25. mars 1840 i Asker, død 19. juni 1891 i Mo i Rana) var son av skuledirektør Halvor Hansen og Maren f. Hvile. Han vart student 1863 og tok teologisk embetseksamen 22. desember 1871. Etter studiane var han ei tid lærar på Hamar og personleg kapellan i Idd i Østfold. Han gifte seg fyrste gongen i Idd, Østfold, 14. juni 1876 med Marie Tobine Cathrine f. Kildahl (1848-1886). Ho døydde ei veke etter å ha fødd det sjette bornet deira, og 31. januar 1888 gifte Hansen seg att i Hemnes med Johanna Widing Heiberg f. Landmark (1865-1953).
Den 2. februar 1876 vart han utnemnd til sokneprest i Jostedalen i Sogn og Fjordane. I Hansen si tid vart skulehuset i Sperla innvigd (26. januar 1877), og skuletida for born vart utvida til 22 veker. Landstads salmebok vart teken i bruk medan han var prest, 1. pinsedag 1879. Hansen fekk òg bygt eit nytt "smalefjøs af steen" i Prestegarden i 1881 og eit nytt "kofjøs" av stein i 1883, kosta av bygdefolket.
Som prestane før han var Hansen ordførar i Jostedalen frå 1881 til 1884 og var med på sitt siste kommunestyremøte 1. april 1884. Han vart dermed den siste presten som var ordførar i Jostedalen.
Hansen heldt avskilspreika si i Jostedalen 27. april 1884 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Mo på Helgeland 3. november 1883. Dette embetet hadde han til han døydde.
Hansen fekk seks born i fyrste ekteskapet og tre i det andre. Den eldste dottera hans var Maren Karoline, kjend som Lina, som vart gift med Ragnvald Cornelius Knudsen, seinare sokneprest i Jostedalen.
Kjelder og litteratur
- Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster, s. 34b. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 6. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 338-39. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 225.
Eksterne lenkjer
- Anton Hansen i folketelling 1865 for Kristiania kjøpstad fra Digitalarkivet.
- Anton Hansen i Historisk befolkningsregister.
Forgjengar: Andreas Emil Hansen |
Prestar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Wollert Johan Lyder Frich |
Forgjengar: Anders Christenson Ormbergstøl |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Anders Christenson Ormbergstøl |