Torshaug bedehus

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. jun. 2011 kl. 08:21 av Kallrustad (samtale | bidrag) (formatering)
Hopp til navigering Hopp til søk
Torshaug bedehus 2011

Torshaug bedehus ligg i Tokke kommune i Telemark, ved vegen frå Krossli til Bandaksli. Parsellen gnr. 68/5 Torshaug vart i 1924 skild ut frå gnr. 68/2 og 3 Klauvreid. Tor Tarjeison Klauvreid (1847-1926) selde i 1924 garden Klauvreid og skilde då frå eigedomen som vart Torshaug. Etter testamente var det frikyrkja og indremisjonen som fekk denne, og namnet peikar på gjevaren. Her vart det så bygd eit bedehus.

Emissær Torleiv N. Snarteland (1896-) frå Fyresdal budde her med familie 1930-1933, og i 1933 er læraren Knut Talleivson Gunnarsli (1886-) ved Bandak skule nemnd.

Torshaug er i 2011 framleis i bruk som eit tradisjonelt bedehus.

Kjelde

  • Marvik, Steinar: Mo bygdebok. Gard og ætt II. Skafså, Tokke kommune 1989.