Kåte
Kåte (frå samisk) og gamme er fellesnamn for ei gruppe bygningstypar som særlig er typiske for samisk kultur i Skandinavia. Vi kan skilje mellom fleire hovudtypar med kvar sine namn, bruksområde og utbreiing: kløftstongskåte (lavvo); bogestongskåte og lafta kåter.
Kløftstongskåte (lavvo)
Kløftstongskåta eller lavvoen (frå nordsamisk lávvu og lulesamisk lávvo) blir bygd opp kring tre relativt kraftige stenger som er rette av form og med kløft i øverenden. Desse tre blir lent opp mot kvarandre som grunnramme, og så blir lettare strangar skorda opp mot dei og teltduken lagt kring til slutt.
Bogestongskåte
Bogestongskåta har vore den vanligaste kåtetypen. Det indre rammeverket er to par stenger med boga øverende og tre tverrstenger: éi som bind i hop bogestengene i toppen og samtidig fungerer som oppheng for gryter over eldstaden i midten, og to som avstiver stengene på høgre og venstre side sett frå inngangen. Opp mot denne grunnramma blir så lettare, rette støttestenger oppsette i varierande antal, og veggene blir lagt på enten i form av teltduk eller i form av strangar (eller fjøler) med fleire lag never utanpå. Nevra blir gjerne halden på plass med strangar, halvkløyvingar eller torv.
Torvkåter, ofte kalla gammar (av Mal:Norr. gammi), er bygd opp over bogestenger. Utanpå bogestengene ligg innerveggen av treverk med tekking av never utanpå. I nordsamisk og lulesamisk område er veggstengene ofte kappa ved bogestengene slik at gammen får rundt tak. I sørsamisk område går veggstengene normalt heilt opp til ljoren, slik at kåta får kjegleform. Utanpå neverlaget blir det så lagt opp torv som hjelper til å halde nevra på plass — og i tillegg gjev torva betre isolasjon. Ofte blir det lagt strangar eller greiner utanpå torva att for å halde ho betre på plass.
Sørsamiske kåter er bygd opp på same måten som dei nordligare kåtene, men veggstengene går som nemnt opp til ljoren, slik at kåta blir kjegleforma. Utanpå neverlaget blir det typisk sett lagt eit lag med strangar, eventuelt halvkløyvingar eller bord.