Ivar Dahle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivar Dahle.
Foto: Ukjent.

Ivar Dahle (fødd 16. mai 1877 i Gulen, Sogn, død i Heidal i nåverande Sel kommune 26. august 1949) var folkeskulelærar og lokalpolitikar. Han var ordførar i Heidal i nær 25 år, fyrst som arbeidardemokrat, sidan som sosialist. Dahle var ein av dei fyrste av ganske mange sosialistiske vestlandslærarar som gjorde seg gjeldande i Norddals-bygdene i mellomkrigstida.

Han gjekk i bresjen for ei rad store tiltak i Heidal, som bureising, vegbygging, skuleutbygging og anna. På regional basis markerte han seg særleg i samferdselspolitikken, som talsmann for kommunal rutebildrift.

Han var ein særs omtykt og sterkt omstridd ordførar i ei vanskeleg tid for bygda. Det var gjeldskrise, sosial uro og harde arbeidskampar. Dahle vart til slutt pressa ut av politikken som følgje av kvasse fraksjonsstridar i den lokale arbeidarrørsla rett før krigen. Under krigen vart han fråteken heim og arbeid, og han vart fengsla av Gestapo.

Familie

Ivar Dahle var bondeson. Foreldra var Henrik Jakobsen Dahle (fødd 1842) og Berte Maline Klausdotter fødd Nyhamar (1834-1903). Dei dreiv ein etter måten stor gard (15-20 kyr) i Dalsbygda i Gulen. Ivar hadde to halvsysken (frå mora sitt fyrste ekteskap) og fem sysken. Han var nest yngst i syskenflokken.

Ivar Dahle gifta seg i 1908 med Laura Ulven frå Ringsaker, dotter til bonde Per Ulven og hustru.