Sukat

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. okt. 2016 kl. 10:47 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Litt justering)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sukatar.
Foto: Olve Utne (2009).

Sukat er salta, gjæra og kandisert skal av søtsitron (sukatsitron, Citrus medica). Søtsitron skil seg ut frå andre sitrusfrukter ved den særs tjukke albedoen (det kvite innerskalet), som er hovudingrediensen i sukat. Dei ferdigsalta og gjæra skala, som blir kalla cedrat, vert kokt i sukkerlake og tørka. Det er særleg i Hellas og Italia at ein produserer cedrat. Ei billigare sukaterstatning vert laga av gresskar.

Sukat vert nytta i bakst, dessert og konfekt. I Noreg er det vel julekaka som er det mest kjente bakverket med sukat.

Kjelder