Sukat

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sukatar.
Foto: Olve Utne (2009).

Sukat er salta, gjæra og kandisert skal av søtsitron (sukatsitron, Citrus medica). Søtsitron skil seg ut frå andre sitrusfrukter ved den særs tjukke albedoen (det kvite innerskalet), som er hovudingrediensen i sukat. Dei ferdigsalta og gjæra skala, som vert kalla cedrat, vert kokt i sukkerlake og tørka. Det er særleg i Hellas og Italia at ein produserer cedrat. Ei billigare sukaterstatning vert laga av gresskar.

Sukat vert nytta i bakst, dessert og konfekt. I Noreg er det vel kringla og julekaka som er dei mest kjende bakverka med sukat.

Eit noko liknande produkt med ulik framstillingsmåte (t.d. inga salting eller gjæring) er apsikat, eller kandisert appelsinskal.

Kjelder