Amund Bentzen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Amund Nøkleby Bentzen (f. 17. mai 1903, d. 1963) var ein teolog og gardbrukar frå Hakadal. Han var sokneprestKjerringøy og i Haltdalen. Under andre verdskrigen var han leiar innanfor motstandsrørsla.

Familie

Amund Bentzen var son av Fredrik (1849-1919) og Birgitte (f. 1873) Bentzen. Faren var brukseigar. 29. august 1928 vart Amund Bentzen gift med Asbjørg Ellingsrud.

Studium og arbeid som prest

Bentzen var student ved Menighetsfakultetet 1922-1927, der han vart cand.theol med ein av dei beste karakterane. I 1928 vart Amund Bentzen utnemnt som sokneprest i Kjerringøy i Nordland. Frå 1933 til 1946 var han tilsett som sokneprest i Haltdalen, Sør-Trøndelag.

Leiar i Milorg

Under Andre verdskrigen var Amund Bentzen leiar for Heimefronten i Holtålen. Han vart arrestert av tyskarane, og utsett for særs harde påkjenningar under fangenskapet. På grunn av dette fekk han seinare problem med helsa. Ved Haltdalen kyrkje er det reist ein minnestein over Bentzen for innsatsen han gjorde i krigsåra.

Gardbrukar

I 1946 fekk Bentzen innvilga "avskjed i nåde" frå prestetenesta si i Haltdalen. Etter dette starta han med jordbruk: Først forpakta han ein gard på Fitjar, så byrja han som bureisar i Trysil.

Det Haugianske Vennesamfunn

Etter krigen slutta Bentzen seg til Det Haugianske Vennesamfunn (også kjent som Den Haugianske Bevegelse og "Hauges venner"), og han vart ein av leiarane der. Utgangspunktet for denne gamalpietistiske rørsla har vore å drive verksemd etter dei prinsippa som forkynnaren Hans Nielsen Hauge la fram.

Bentzen og andre medlemmer gjorde framlegg om å etablere ein eigen bureisingskoloni i Trysil, men dette fekk ikkje oppslutning frå resten av rørsla.

I 1949 deltok Bentzen i samtalar med generalsekretæren i Det Norske Misjonsselskap, på vegne av Det Haugianske Vennesamfunn. Bakgrunnen var å få svar på korleis NMS stilte seg til ein del synspunkt som indremisjonsleiaren Ole Hallesby hadde kome med, og som haugianarane var sterkt usamde i.

Forfattar og arbeid med bibelutgåve

I 1950 skreiv Amund Bentzen boka "Evangeliet i kamptider", som vart utgjeve på forlaget til Det Haugianske Vennesamfunn. Her tek han mellom anna eit oppgjer med synspunkta til Ole Hallesby innanfor kristologien.

I 1953 gjekk Det Haugianske Vennesamfunn og Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn saman om å gje ut ei ny bibelutgåve. Bentzen fekk ansvaret for den nytestamentlege delen, som kom ut i 1960. Denne teksten er basert på utgåva som Martin Luther gav ut i Tyskland.

Kjelder