Svalbardrein
Svalbardrein (Rangifer tarandus platyrhynchus), òg kalla spitsbergenrein, er ein underart av rein som har si naturlige utbreiing på Svalbard. Svalbardreinen skil seg frå den nærmaste slektningen sin, den hovudsaklig midt- og nordskandinaviske fjellreinen, blant anna ved at han er mindre og tettare bygd, ved det korte og relativt runde hovudet, og ved vinterpelsen, som er heilt lys. Underarten har vore freda sidan 1925, og i 2000 vart bestanden rekna å vera kring 11 000 dyr.
Utsjånad og levevis
Svalbardreinen har i praksis ingen naturlige fiendar, ettersom det einaste landpattedyret han i stor grad deler territorium med er den vesentlig mindre fjellreven, medan isbjørnen stort sett held seg i og ved sjøen og berre unntaksvis tek rein. Den viktigaste bestandsregulerande faktoren er tilgang på mat. I år med vekslande mildvêr og snø kan beita låse seg — det vil seie at ein får eitt eller fleire lag av is eller skare som er ugjennomtrengjande for reinen. I løpet av slike vintrar kan mange av dei eldste og yngste dyra svelte ihel.
Utbreiing
Reinen og menneska
Jakt
Forsking
Fotnotar
Bibliografi
Lenkjer
- Tyler, Nicholas og Øritsland, Nils Are: «Varig ustabilitet og bestandsregulering hos svalbardrein» på nettsidene til Terrestrisk Økologisk Forskningsprogram på Svalbard
- Punsvik, Tor: «Reinen på Svalbard» på Villrein.no
- Aanes, Ronny: «Svalbardrein» på nettsidene til Norsk Polarinstitutt
- «Svalbardrein» på nettsidene til Miljøovervåking Svalbard og Jan Mayen
- «Svalbardreinen» på nettsidene til Svalbard Museum
- «Forvaltningsplan for svalbardrein» frå Sysselmannen på Svalbard