Rein

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ung rein i Arjeplogs kommun.
Foto: Olve Utne

Rein eller reinsdyr (Rangifer tarandus) er eit hjortedyr som først og fremst hører til i dei arktiske og subarktiske klimasonane. I Skandinavia og nærområda finst det tre underartar av rein — fjellrein (Rangifer tarandus tarandus), svalbardrein (Rangifer tarandus platyrhynchus) og skogsrein (Rangifer tarandus fennicus).

Års- og livssyklus

Villrein og tamrein

Jakt og slakting

I tamreindrifta blir dyra valt ut til slakt ut frå ymse kriterium. Dyr som gjerne blir utvalt til slakt inkluderer:

  • sjuke dyr;
  • simle med altfor små spener, slik at kalven ikkje får tak (sørsamisk tjaabloe, nord: unna ruvsset áldu);
  • innful/aggressiv rein (sør urkies, nord: vaššái);
  • rein med horn der baktaggen har ein direkte motståande tagg, slik at dei og hornstammen dannar korsform (sør: kroessetjåervie. lule: ruossatjoarvve, nord: ruossačoarvi), ettersom ein slik rein tradisjonelt blir rekna å komma med dødsvarsel;
  • ved mjølkedrift: simler som er tunge å mjølke (sør: draabne, draabnehke, draavhke);
  • steril simle (sør: staajne råtnoe), rekna som offerdyr blant sørsamar;
  • ein slaktar gjerne noko fleire unge hanndyr, slik at ein får maksimert andelen simler, men samtidig ikkje så mange at flokken blir markant ubalansert, ettersom det gjer flokken tyngre å halde i hop;
  • og endelig er det viktig generelt sett å slakte dyra før dei blir så gamle at kjøttmengd og kvalitet tapar seg.

Bildegalleri

Ukjent månad

Mai

Juni

Juli

August

September

Oktober

November

Desember

Januar

Februar

Mars

April

Rein i kunst