Forside:Kystkultur

Sideversjon per 21. apr. 2010 kl. 18:38 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (korr.)


Smakebiter fra artikler
Håvard Skirbekk som student 1922. Fotograf ukjent.
Håvard Skirbekk (fødd i Elverum 28. februar 1903, død på Hamar 4. februar 1983) var lærar, museumsmann, lokal- og kulturhistorikar. Han var dessutan språkinteressert og språkpolitisk engasjert. I debatten om målformer stod han for ei samnorsk linje. Han var nynorskforkjempar på austnorsk grunn og tilhengar av ei fornorsking av bokmålet. Skirbekk er kjend for sin store innsats på svært mange felt innan organisasjons- og kulturlivet på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. I 41 år var han knytta til Glomdalsmuseet, fyrst som styremedlem frå 1929, så som konservator/fyrstekonservator og styrar 1950-1970. Han fekk i gang Årbok for Glåmdalen i 1941, og var redaktør for denne heilt frå starten til det siste året han levde. Håvard Skirbekk vart i 1965 tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for sitt mangfelte virke.
Håvard Skirbekk voks opp i eit politisk engasjert miljø som var både nasjonalt og sosialt orientert. Faren var aktiv venstremann og arbeidardemokrat. Da han var ordførar for Venstre i Elverum, arrangerte han i 1894 det første 1.mai-toget på landsbygda i Noreg, og elles var han ivrig folkeopplysningsmann, fråhaldsmann, målmann og forsvarsven.   Les mer…

Mal:Portal sisteteaser B