J. M. Aardal
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
J. M. Aardal (fødd 29. november 1885 i Breim i Nordfjord, død?) var lærar og klokkar.
Han var son av bonde Mons Johnsen Aardal og Gunhild Eriksdotter f. Stokke. J. M. Aardal tok eksamen artium og lærarprøva og reiste deretter til USA. I åra 1905-11 studerte han ved Concordia College, Moorehead i Minnesota og var ved St. Olaf College i Northfield, Minnesota skuleåret 1911/12. Aardal gjekk på lærarhøgskulen ved universitetet i Nord-Dakota 1914-15.
Heimatt i Noreg var J. M. Aardal lærar ved Volda millomskule og gymnasium 1919-23 og tilsett ved Gloppen millomskule og Firda gymnasium 1924-25. Frå 1925 arbeidde han ved Reed skule i heimbygda Breim, samstundes som han dreiv som klokkar. Broren Elias M. Aardal var òg lærar.
Kilder og litteratur
- [ DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. )]
- NN i folketelling 1900 for herred fra Digitalarkivet
- NN i folketelling 1910 for herred fra Digitalarkivet
Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket