Selje kommune ligg i Sogn og Fjordane, og har namn etter administrasjonssenteret, tettstaden Selje. Kommunen omfattar halvøya Stadlandet, fastlandet for halvøya og øyene inst i Sildegapet. Den største av øyene, Barmen, er det einaste som har større busetning.
Motiv fra øya Selja i Selje kommune, med
Selje kloster.
Foto: Aurora Revå Olsen (2016)
Selje er ein av dei viktigaste fiskerikommunane i fylket. Ein finn også fiskeoppdrett og fiskeforedlingsfabrikkar. Jordbruket er også ein viktig næringsveg for mange, særleg husdyrbruket. Det er ein del industri i kommune, og turisme har blitt viktigare i seinare år. Eit kjend turistmål er Selje kloster på øya Selja, som er knytta til legenden om St. Sunniva. Øya var bispesete fram til 1170, då biskopen flytta til Bjørgvin.
Denne siden er en spire. Du kan hjelpe den til å vokse seg stor og sterk!
|
|
Denne sida er ei spire. Du kan hjelpe henne til å vekse seg stor og sterk!
|
|