Stryn kommune
Stryn kommune ligg i den inste delen av Nordfjord i Sogn og Fjordane. Kommunen grensar til Hornindal og Stranda i nord, Skjåk i aust, Luster i søraust, Jølster i sørvest og til Gloppen og Eid i vest. Frå 1965 til 1977 var tidlegare og nåverandre Hornindal kommune ein del av Stryn.
Stryn kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1449 |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommunesenter | Stryn |
Areal | 0 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 0 km² |
Folketall | (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Sammenslåing(er) | 1965: Hornindal innlemma |
Fradeling(er) | 1977: Hornindal utskild |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Kommunen har tre tettstader: Administrasjonssenteret Stryn, Olden og Innvik. Det er óg tettbygde område i Loen og Utvik.
Stryn er den største skogbrukskommunen i Sogn og Fjordane. Jordbruket er dominert av bær- og fruktdyrking, medan ein i husdyrbruket finn både storfehald med kjøt- og mjølkeproduksjon så vel som geit og fjørfe. Kommunen har óg allsidig industri, og i seinare år har turisme vorte viktig.
|